Full trøkk med lokalmat og vårstemning
Laurdag var det til tider vanskeleg å finne ledig plass på parkeringsplassen framfor butikken til Hageland og Byggmakker på Syltøran. Handledagen med samarbeid med lokalprodusentane var ein formiddabel suksess som trekte folk frå både fjern og nær. Hageland ligg no i startgropa for ein ny sesong, og både blomster, busker, trær og planter er på veg inn, og utvalet blir større dag for dag fram mot våren.