Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 7252 artiklar i dette arkivet.


Byr på song- og musikkveld i Eidet bedehus

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. september 2025

Fredag kveld, den 12. september, byr Normisjon og Misjonssambandet på Song- og musikkveld i Eidet bedehus.  Arrangementet startar kl 18:00 og byr på både solosong, allsong, musikk, kåseri, dikt og andakt m.m.   Det blir mange bidragsytarar, – vi kan nemne Oddveig Helset Halle, Svein Volle, Vidar Rygh med fleire. 


Felles brannøving med «bli-kjent-kveld»

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. september 2025

Det er ikkje meir enn ein månad sia det var ramme alvor og husbrann i Bekkerhagan, der innsatsen frå lokale brannmannskap var avgjerande for resultatet.  I kveld var brannmannskap frå Todalen, Kvanne og Surnadal samla til felles øving i Todalen – viktig å øve i lag, slik at ein blir kjent både med kvarandre, utstyret og ikkje minst kvar ein skal finne vatn til slokking rundt omkring i bygda. 


Demensaksjonen får hjelp frå Surnadalsrussen

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. september 2025

Den årlege demensaksjonen står for døra, og neste veke står Surnadal demensforening og helselag i samarbeid med Rindal demensforening som arrangørar av årets aksjon. Tysdag møtte dei to leiarane Surnadalsrussen for å brife mannskapet til årets innsamlingsaksjon som går av stabelen i neste veke. 


Påminning: Klart for nytt demenskor i Surnadal – blir du med?

Jon Olav Ørsal Sundag 7. september 2025

Surnadal demensforening og helselag ligg no i startgropa for å starte med eit nytt kor i Surnadal, og tenkje da på eit kor for menneske som lever med demens, fortel leiar i foreninga Liv Botten. Aller først vil ho lodde stemninga for eit slik kor, og inviterer til første oppmøte tysdag 9. september kl 17:00 på Frivilligsentralen på Skei. 


Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til Tindan

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. september 2025

Tysdag 9. september går turen til Tindan i Valsøyfjorden. Oppmøte på parkeringsplassen på Øye kl 09.30 for samkjøring til Henna og bomvegen  innover Hennadalen til parkering ved Hennasetra. Følger stien som går  til Hennafjellet opp til skiltet på biletet. Tek der til høgre og følger stien innover  til Tindan.  Vel møtt medlemmer og andre!


Kva er det som skjer i Brusetmelan?

Jon Olav Ørsal Fredag 5. september 2025

Veidekke troppa opp med lastebil og gravemaskin i Brusetmelan fredag føremiddag – er det nytt skilt som skal på plass, spør vi Øystein Kvernberg som er i ferd med å graveopp og montere eit fundament mellom vegen og elva?  – Kvernberg har akkurat fått på plass fundamentet, og han har forklaringa på kva som skal skje!


Tormod jubilerer med salmekonsertar

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. september 2025

Velkomen til vår jubileumskonsert, vår storsatsing med salmekonserten vi har kalla «Blott en dag». I samband med 30-årsjubileet inviterer vi til to salmekonsertar i haust. Du kan høyre oss i Øye kyrkje, laurdag 4. oktober og i Rindal kyrkje søndag 5. oktober – begge dagar kl. 17:00.  Billettprisen er kr 300 og du kjøper billett ved døra.


Kom med brøytestikker – sommaren er på hell

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. september 2025

I dag fekk vi det synlege beviset på at sommaren er på hell.  Jenstad Maskin har jobben med å sette ut brøytestikker her i området på oppdrag frå Veidekke.  I løpet av dagen kjem nok det meste av brøytestikkene på plass på FV 6145 inn til Todalen og nedover til Todalsøra og FV 6146 frå Kvennset til Bruset og FV 6148 frå Bruset og nedover til Halsabrua. 


Offisiell opning av pergola på sjukeheimen

Jon Olav Ørsal Sundag 31. august 2025

Venneforeninga ved Surnadal sjukeheim inviterer tysdag 2. september kl 14.00 til offisiell åpning av den nye pergolaen ved Surnadal Sjukeheim.  Pergolaen er bygd på dugnad, og den er finansiert gjennom innsamla midler, og skal være til glede for bebuarar og tilsette. Alle er velkomne til å bli med!    


Siste innspurt – tek storlaksen på neste kast?

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. august 2025

Når du er laksefiskar må du være optimst – da lever du i håpet og trur at storlaksen tek på neste kast.  Slik er det sikkert for Jo Magnus Torvik og assistent Markus Aspås som hadde rigga set til for å ta storlaksen ved den universelle fiskerampen ved gapahuken i Båthølen.  No er det iallfal snart siste sjanse for å lande storlaken for i år, for i morgon er det siste dag for laksefisket – søndag 31. august.


På’n igjen for Tirsdagsklubben

Jon Olav Ørsal Fredag 29. august 2025

Tirsdagsklubben starter på igjen, og inviterer til gratis kaffe og noe å bite i.  Det skjer hver tirsdag på Frivilligsentralen i Surnadal i tidsrommet 11 til 13, og alle el velkmne til å stikke innom, sier Liv Botten, som er leder i Surnadal demnesforening og helselag. 


Messe med proffar og tømrarelevar frå Nordmøre – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. august 2025

Torsdag samla Byggmakker både snekkarar, lærlingar og tømrarelevar til fagleg påfyll på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Rundt 50 tømrarelevar frå dei vidaregåande skulane på Nordmøre var invitert til å delta på messa – og dei kom for å få med seg kva som skjer i byggebransjen.  – Viktig at vi får med oss neste generasjon bygningssnekkarar, for det er dei vi skal bygge framtida på, seier Konrad Våbenø, som er «messegeneral » i Byggmakker.