Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 146 artiklar i dette arkivet.


Solnedgang fra Snøfjellet månadens bilete i august

Guro Redalen Sundag 14. september 2025

Alfred Kvendset fanga solnedgangen frå Snøfjellet, og gjekk av med sigeren i månadens bilete i august! No er september her med haustlys og gyllent lauv, og kanskje er det du som fangar det beste blinkskotet i september?


Stem på månadens bilete i august

Guro Redalen Torsdag 4. september 2025

Før stortingsvalet tek all merksemd, inviterer vi til å røyste på månadens bilete for august på todalen.no. Her er det ingen sperregrense, berre blinkskot frå fjord, fjell og ferje.


Verkstadseigedom ved Todalsøra til salgs

Guro Redalen Onsdag 3. september 2025

Verkstad etablert på 60-talet med tilhøyrande tomt til salgs. Eigedomen ligg ved Todalsøra og er regulert til næringsformål. Salet vert gjennomført privat.



Kåring månadens bilete juli

Guro Redalen Sundag 10. august 2025

Med elg i sommarmodus, sekken full av ferieminner og kveldssol som burde vore på frimerke, vart juli ein god månad for både folk og fotoapparat. No skal månadens blinkskot kårast. Klikk deg inn og stem før 17. august.


Fisking kåra til månadens bilete i juni

Guro Redalen Tysdag 22. juli 2025

Med blinkskotet Fisking har Torgunn Nordvik verkeleg fått napp – og dreg i land sigeren i kåringa av månadens bilete for juni! Vi gratulerer med ein velfortent fangst av heider og ære!


Trimturar i Todalen – frå lågterskel til høg puls

Guro Redalen Onsdag 16. juli 2025

Rykker det i turfoten, men du har gått deg litt lei av dei faste trimpostane? Får du besøk i helga og lurar på kva du skal vise fram av bygda? Er du ny i bygda og ser ikkje stiane for berre fjell? Fortvil ikkje, her kjem tips til 11 ulike turar med ulik pulsgrad!


Kåring månadens bilete juni

Guro Redalen Måndag 14. juli 2025

Juni har dei lengste dagane i året, og det kan nesten verke som sola aldri går ned. Det er månaden for grøne hagar, blomsterprakt og blinkskot i fleng. Det er på høg tid å kåre månadens bilete av dei innsendte bidraga til dagens bilete i juni.


Fjord, elv og flytande lykke – vi tek badetempen!

Guro Redalen Sundag 13. juli 2025

Yr.no melder om sol, svette og opp mot 29 grader og sol dei neste dagane. Det er så varmt at myggen vurderer å emigrere, og badeendene har søkt om permanent opphaldsløyve. Med slike forhold er det berre å finne fram badebrok, svømmehud og sommarhumør – for no er det badetid i bygda som har fostra både heltar og hønhalsar.


Hønhalsen 2025 e åv!

Guro Redalen Fredag 20. juni 2025

Det er med stor glede og ein viss andakt at vi kan melde: «Hønhalsen 2025 e åv!!» Dermed er det ikkje berre lov, men nærast påbode å ta seg eit friskt elvebad i Todalen.



Kåring månadens bilete mai

Guro Redalen Sundag 8. juni 2025

Mai er vel passert med både skrommeltog, turar på barmark, eit par rundar til med snø nedover fjellsidene, men òg eit par nydelege solnedgangar. No ser vi fram mot fleire slike, og kanskje fell Hønhalsen denne månaden?