Ordinær balleik
I kveld er det ordinær todelt balleik melder arrangørane da kampsportsjef Anders Miyagi Braaten er bortreist. Til og med 3. klasse fra klokka 17.30, og for dei fra 4. klasse og oppover fra 18.30.
Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.
I kveld er det ordinær todelt balleik melder arrangørane da kampsportsjef Anders Miyagi Braaten er bortreist. Til og med 3. klasse fra klokka 17.30, og for dei fra 4. klasse og oppover fra 18.30.
Har du smerter i rygg og nakke, såre og trøtte bein? Orker du heller ikke reise langt for å få behandling? Da kan Nina Ryan Braaten hjelpe deg med både massasje og fotpleie.
Fredag kveld hadde elevane i 5.-7. klasse ved Todalen skule invitert sine jamnaldringar frå Stangvik skule til nyttårsball. Den raude løperen var rulla ut, skjortene nystrøkne, og gymsalen pynta til det ugjenkjennelege.
Førstkommende laurdag kl 10 og utover blir det ryddedugnad i Toåa tursti. Siste etappe er no i oppstartsfasen og litt rydding i området bak gapahuken i Gunnøya må til før entreprenør Per Gjeldnes kjem for å planere stien fra Båthølen og nedover.
Det meldes om fine skiforhold på Tjønnmyra. Ein skulle kanskje tru at det er bortimot bart, men set er det ikkje kan skigruppegeneral Gunnar Nordvik melde. -Det er harde fine spor med nysnø i, så folk må berre ta med seg skia og komme seg ut i bevegelse oppfordrar han.
Venner av Skulstuå inviterer bygdafolket til ein kaffekopp onsdag morgon klokka 8.30. Det skjer naturleg vis i Skulstuå, og er ei fin anledning til å treffe kjentfolk i triveleg lag.
I morgon blir det ikkje tradisjonell balleik melder Todalen IL. Da blir det i staden introduksjon av kampsport. Todalen er så heldig å ha fagfolk på dette fagområdet også i mangeårig kampsporttrenar Anders Braaten Raaen
Det er no årsmøte til i mange lag og organisasjonar. Mange av våre medlemmar benyttar derfor Todalen.no som ein informasjonskanal for dette. Deriblant Surnadal arbeiderparti.
I dag kl 18 inviterer skigruppa IL Søya til sesongåpning på Barn i løypa og offisiell åpning av den nye gapahuken dei har sett opp ved akebakken på Vang. Startkontigent på 100 kroner.
Volleyballtreninga fortsett også inn i 2020 med samling i gymsalen på tirsdagar kl 19.30.
Todalen IL startar nyåret med balleik allerede i morgon kveld. Da blir det to sesjonar; dei minste opp til 3. klasse først, og så fra 4. klasse og oppover etterpå.
I morgon er det søppeldag med nytt renovasjonsfirma. Då kjem ReMidt for første gong rundt bygda på sin innsamlingsrunde av restavfall. Vi veit ikke eksakt tid, men om det er noken lunde same rutiner som få Hamos-tida, så kan det være lurt å ha ut dunken tidleg.