Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Arrangerte nyttårsball til vennene frå Stangvik skule

Elinor Bolme Fredag 17. januar 2020

Fredag kveld hadde elevane i 5.-7. klasse ved Todalen skule invitert sine jamnaldringar frå Stangvik skule til nyttårsball. Den raude løperen var rulla ut, skjortene nystrøkne, og gymsalen pynta til det ugjenkjennelege. Ungane hadde ordna det aller meste sjølv, fra planlegging, invitasjonar, innkjøp, kioskvakter og pynting av lokale.

Ungane kosa seg med leikar, dans og prating i tre korte timar. Med felles svømming dei siste åra på skulen i dei ulike klassetrinna og felles fotballag på fritida så var alle kjente med kvarandre fra før. Praten og leiken gjekk derfor lett i mellom dei vel 35 ungane som møtte opp.

FAU i Todalen stilte som støttespelarar i kiosken utover kvelden. Dei siste åra har todalingane vore invitert til Stangvik skule på tilsvarande arrangement, men ei veksling på dette kan nok kanskje berre være triveleg meinte årets arrangør.

Borda var stilig pynta og på sceneteppet glinsa eit splitter nytt årstall når gjestane fra Kvanne og Stangvik ankom festlokalet.

Ein eigen fotovegg var rigga til, med eit rikhaldigt utvalg av photobooth-utstyr tl å style bilda med. Todalingane stiller på ein prøverunde før gjestane kjem.

Eit rikhaldig utvalg i kiosken. Prisane kjem på plass rett før festen startar.

Shan Allan og Hallvard har første kioskvakt.

 

Under eit bildegalleri med ein god del bilder fra ein vellykka kveld. Foto: Elinor, Kjetil og Gudmund.

Publisert: 17. januar 2020, 22:21