Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2741 artiklar i dette arkivet.


Nyttårsfest

Elinor Bolme Tysdag 31. desember 2019

Surnadal Normisjon inviterer til stor nyttårsfest på Eidet bedehus laurdag 4. januar kl 16.


Skøyteavbrekk på Bordholmen

Elinor Bolme Laurdag 28. desember 2019

Ski og friidrettsgruppa inviterte til alternativ barn i løypa på skøyter på Bordholmen i dag. Etter kvart dukka dukka det opp rundt 15 ungar sør leik og moro på isen. Første post på programmet var hurtigløp på merka bane, før det vart hockeykamp.


Stor aktivitet på Vang skiarena

Elinor Bolme Laurdag 28. desember 2019

IL Søya har dei seinare åra rusta opp både løypenettet og nærområdet på Vang skiarena. Dei har bruka mykje dugnadsinnsats til å tilrettelegge lysløype, gapahuk, akebakke og den populære Strengentraséen. Kvaliteten på løypenettet har gjort at området har vorte eit ynda turmål, både fra nært og fjern.


Barn i løypa på Bordholmen

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2019

I morgen, lørdag 28. desember kl. 14, arrangerer Ski- og friidrettsgruppa  barn i løypa på skøyter på Bordholmen. Det blir ishockey-kampar og rundar rundt isbanen med tidtaking. 


Folksomt rundt bygda i år også

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2019

Årets romjulsmarsj er historie. Nok ein gong var det stor deltaking med ca 170 personar som var ute på årets trivelegaste luftetur rundt bygda. Idrettslaget hadde som vanleg drikkestasjoner både på Bruset og i Sandstadkrysset med både kakao og gløgg i koppen. Nytt av året var gratislotteri på Bruset med mange fine premier. For dei som var så heldige å trekkje rett nummer i alle fall.


Klar ferdig marsj!

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2019

3. juledag er kommet og det er berre å finne fram godt fottøy for å bli med på årets Romjulsmarsj. Det er trimgruppa som er arrangør av denne årelange tradisjonen kor alle i Todalen går mann av huse for å få litt friskluft og ikje minst treffe sambygdinger rundt bygda.


God Jul på hytta

Elinor Bolme Torsdag 19. desember 2019

Kristiansund og Nordmøre Turistforening har sendt oss ei lita julehelsing med mange fine turtips i julehøgtida.


Gnoflane sørga for førjulsdramatikk

Elinor Bolme Onsdag 18. desember 2019

Kveldens juleavslutning ved Todalen oppvekstsenter fylte heile gymsalen til siste ledige stol i forbindelse med den tradisjonelle juleavslutninga på skulen. Ungane både på barnehage og skule hadde øva inn fleire songnummer, og dramatisert historia om «Gnoflenes dans». Det var kanskje ei ukjent historie for mange, men fornøyelig var ho i alle fall.


Allsidig og triveleg lysmesse

Elinor Bolme Sundag 8. desember 2019

Prest, konfirmanter og organist tok dei frammøtte igjennom ei hyggelig lysmesse i Todalen kyrkje i dag. Det var seniorprest Cathrine Grutle fra Tingvoll som leia messa, med god hjelp fra dyktige konfirmanter som sto for all tekstlesing og lystenning undervegs.


Lysmesse og bibelutdeling

Elinor Bolme Laurdag 7. desember 2019

I morgon kl 11 er det lysmesse i Todalen kyrkje med utdeling av biblar til alle 5. klassingane. I tillegg er det dåp.


«Todalen Ymseri» – definitivt i rute

Elinor Bolme Torsdag 5. desember 2019

 3. dagsfest blir det, både med revy, musikk, bevertning og ikkje minst sosialt samvær. Det lovar revykomiteen som jamnt og trutt har møttes fra september for å sette i saman eit innhaldsrikt program for bygdafolket, tilreisande og alle andre som ikkje bør la dette gå i fra seg. I år fell 3. dagen på fredag, noko som dei håpar skal bidra til fullt hus denne kvelden.


Det lyser i alle grender

Elinor Bolme Onsdag 4. desember 2019

I går kveld var det Brusetmarka sin tur til å få tent lysa på julegrana si. Også her har det vorte ein tradisjon med felles samling i Trudvangkrysset, servering av gløgg, pepperkaker og litt sosialt samvær. Til tross for at vêrguden hadde hatt fullt opp med regn tidlegare på dagen var det godt oppmøte med både vaksne og born frå Bruset og opp til Kårvatn.