Fotpleie i mars
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 23.mars og tysdag 24. mars. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Vi fann 1028 artiklar i dette arkivet.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 23.mars og tysdag 24. mars. Det er mange ledige timar båe desse to dagane.
Dagens Kløvertur starta frå Todalsøra og gjekk utover langs fjorden til Ansneset. Dette er eit fint og idyllisk område, og her er det fredeleg å gå tur; lite trafikk.
Målprisen er tildelt to personar med same bakgrunn. Gro Kjelleberg Solli og Unni Boksasp får prisen for musikken sin og for innsatsen med CD-en til boka «Enno så segla ho Magnill». Dei song inn songane og var med på produksjonen. Begge har i mange år vore dei fremste formidlarane av den nordmørske folkemusikktradisjonen
Tysdag 10. mars kl. 11 skjer det: Endeleg kan vi invitere til opning av frivilligsentralen!
Sanitetsforeninga i Todalen inviterer til Kløvertur måndag 9. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og samkjøring derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Da Kvinnehelsedagen til Sanitetskvinnene vart avlyst, og det ikkje vart noko å vise på storskjerm i Ungdomshuset, vart det i staden strikkekaffe. Her var det godt oppmøte, og det vart som vanleg ein triveleg laurdagsettermiddag i Sanitetshuset.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 7. mars i tidsrommet kl. 13:00 – 16:00. Alle er velkomne! Det blir servering av rundstykke med godt pålegg, kaffe og te. Utlodding blir det også! VEL MØTT!
Norske kvinners sanitetsforening melder at Kvinnehelsedagen i Oslo er avlyst. Dermed blir også det planlagde arrangementet til Todalen sanitetsforening i Ungdomshuset 7. mars kl 11.00 AVLYST.
Laurdag 7. mars arrangerer Norske Kvinners Sanitetsforening «Kvinnehelsedagen 2020» med kjende og dyktige forelesarar og innimellom underhaldning! Dette skjer i Oslo, men blir vist på storskjerm i Todalen ungdomshus. Overføringa startar kl 11:00. Her er alle velkomne til fagleg påfyll og inspirasjon!
Når ein passerer Brusetbrua, ser ein at krattskogen langs Toåa på nordsida er borte, og det står skilt om vegarbeid. Skogen blir rydda langs vegen for å gjere klart til vegarbeid. Vegen frå Brusetbrua heilt inn til Romåbrua skal utvidast og utbetrast. Slik vegen er no, er han for smal og svak til å tåle nye og moderne landbruksmaskiner og tømmertransport.
Oppover Øyalia går det ein fin skogsveg som er godt eigna til turgåing både sommar og vinter. Det er fin stigning med slake bakkar, men bratte nok til at ein kan få opp pulsen. Vegen går i store svingar oppover lia, slik at det blir utsikt ulike retningar mot bygda og fjella.
Todalen historielag held årsmøte i Ungdomshuset tysdag 24. mars kl. 19:30. Det blir vanlege årsmøtesaker, servering av kveldsmat og bilete frå fotoarkivet på storskjerm. Alle er velkomne!
Sjå fleire opplysningar her: