Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2471 artiklar i dette arkivet.


Innstiller på at Todalen Meieri får kjøpe oppvekstsenteret for 650.001 kroner

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mai 2024

I oktober i fjor vart den nedlagte Todalen skule lagt ut for sal for 1 krone. Todalen Meieri var einaste interessent som ville kjøpe skulen. Etter forhandlingar mellom meieriet og kommunen, har også barnehagebygget blitt ein del av salet. Todalen barnehage vart nedlagt av kommunestyret tidlegare i år, og bygninga blir i dag nytta til bustad for flyktningar. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapsmøtet tysdag 7. mai, rår han formannskapet til å gjere vedtak om også å selje barnehagebygget. Prisen for barnehagebygget er etter takst sett til 650.000 kroner. 


Vårdugnad i Svinviks arboret tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mai 2024

Laurdag 18. mai er det sesongopning i Svinviks arboret, og for å gjere arboretet klart til ein ny sesong inviterer arboretet til vårdugnad tysdag 7. mai klokka 18:00. Så vil du vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong med hageglede og opplevingar? Da er det berre å ta turen tysdag! Ta med hanskar og høveleg reiskap, der rive og hagesaks vil vere mest aktuelt under vårdugnaden. 


Har du hugsa å betale medlemskontingenter for 2024?

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mai 2024

Det spørsmålet stiller Todalen Idrettslag i ei melding til oss. Bakgrunnen er at 71 fakturaer for medlemskontingent for 2024, som vart utsendt i starten av februar, framleis står som ubetalte. Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for Todalen Idrettslag, både direkte og indirekte. Medlemstalet er nemleg grunnlaget for utrekningar og tildelingar av ulike offentlege tilskot, Idrettslaget vil i dagane som kjem sende ut faktura for ubetalt medlemskontingent i posten. 


Høyring for lokale forskrifter til den nye Opplæringslova

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. april 2024

Frå 1. august i år blir den nye Opplæringslova, som gjeld for grunnskulen og videregåande opplæring gjort gjeldande. I samband med dette skal Surnadal kommune vedta fleire forskrifter før skulestarten i august. Her kan du lese meir om dei ulike utkasta, og om korleis du kan gje innspel på forskriftene. Høyringsfristen er 2. juni. 


Lyst til å lære å spele golf?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. april 2024

Har du, eller nokon du kjenner, lyst til å lære å spele golf? Eller få ein liten «smak» av golfsporten? Da har du sjansen helga 10. – 12. mai, for da inviterer Surnadal Golfklubb til VTG-kurs («Veien Til Golf») på golfbanen på Mo.  


Vårens «vakreste eventyr»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 30. april 2024

I går kom våren for fullt til Todalen med skikkeleg god temperatur. Dette visste måndagstrimmarane å utnytte, så ti spreke syklistar møtte opp for å vere med på sykkeltrimmen. Det heile starta frå Hallset bru og utover til Ansneset, oppover att på sørsida til hengebrua, over den og via Hallaneset ned att til Matkroken Todalen 


Programendring for Vårsøghelga 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. april 2024

Vårsøghelga opplyser i ei pressemelding no i føremiddag om ei programendring på konserten på Surnadal Billag fredag 24. mai kl 21.00. Eit av medlemmane i bandet «The Young Suffering Ensembla», har fått ei rolle i ein større internasjonal film, så difor må dei informere om at The Young Suffering Ensembla ikkje kjem til årets Vårsøghelg. Årets Vårsøghelg blir arrangert frå torsdag 23. – søndag 26. mai. 


Opningstider på Matkroken Todalen i mai

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 29. april 2024

I mai er det mange heilag- og høgtidsdagar. Dette fører til ein del endra opningstider hos Matkroken Todalen, samstundes som butikken er heilt stengt fredag 17. mai.


AR Sjømat med salsstand på måndag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 26. april 2024

AR Sjømat AS frå Kristiansund vil måndag 29. april, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk. 


Svein Håvard Brøndbo attvald som leiar

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. april 2024

I kveld var det årsmøte i Todalen bøgdalag, og knappe 10 medlemmer møtte opp. Årsmeldinga viste at aktiviteten i året som har gått har vore på det jamne, med ryddedugnad, pynting av julegate, litt el-sykkelutleige og behandling av aktuelle saker isom er viktige for Todalen. 


SJFF arrangerer jakt- og fiskeskule for barn og ungdom

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. april 2024

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) arrangerte for første gong jakt- og fiskeskule i 2023. Dei gjentek suksessen frå i fjor, og har i år i tillegg teke med noko, samstundes som innhaldet er betra. Jakt- og fiskeskule (JOFS) er eit fritidstilbod for barn- og ungdom. Tilbodet består av fleire forskjellege aktivitetar som skal bidra til å skape eit levande lokalt miljø.


Kallar inn til årsmøte

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 25. april 2024

Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte fredag 10. mai klokka 18:00 i Skulstuå i Todalen. Vanlege årsmøtesaker og utdeling av «Årets bilete». Det blir enkel servering.