Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2470 artiklar i dette arkivet.


Lyst til å bidra før eller under Todalsdagen?

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. juni 2024

Todalsdagen laurdag 29. juni er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag. Sjølv om det meste er på plass til arrangementet, men om du har lyst til å bidra før eller under sjølve Todalsdagen, så er det fullt mogleg. 


Svorka kan melde om eit sterkt år med vekst og nye investeringar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 31. mai 2024

I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, kan vi lese at Svorka Kraft i 2023 oppnådd stor vekst og fremgang, trass i utfordringar i energisektoren. Svorka har teke viktige steg for å møte fremtida sine behov for fornybar kraft og betre infrastruktur, samtidig som dei har styrket sin posisjon i marknaden.


Bli med på Ræta opp!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 31. mai 2024

Under Todalsdagen 29. juni, blir det også i år Ræta opp og Mini Ræta. Ræta opp startar klokka 12:30, og i år går inntekta inntekta frå startkontingenten til det nye nærmiljøanlegget til Todalen Idrettslag på Bordholmen stadion. Ræta opp har konkurranseklasse og trimklasse, og løpet er rundt 3 kilometer langt. Premie til dei beste i konkurranseklassen, og uttrekkspremiar i trimklassen.  


Stavgangarane med tur til Leikaren i går

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 31. mai 2024

I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret. 


Trondheim Taekwon-Do klubb arrangerer sommarsamling for seksti pluss i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Trondheim Taekwon-Do klubb, med god hjelp frå Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer frå onsdag til fredag denne veka sommarsamling for seksti pluss i Surnadal. Deltakarane på sommarsamlinga kjem frå taekwon-do klubbane i Trondheim, Selbu, Hustadvika, Molde, Skien og sjølvsagt Surnadal. Deltakarane kom til Surnadal på føremiddagen i går, og skal vere i Surnadal til tidleg ettermiddag i morgon. I tillegg til trening, har det vore god tid til sosialt samvær under sommarsamlinga, noko som er viktig understrekar arrangøren. I kveld tok dei turen til Todalen og Gammelfabrikken der det var grillmat og underhaldning. 


Todalsdagen 2024 nærmar seg

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!



Surnadal JFF inviterer til aversjonskveld

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 30. mai 2024

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aversjonskveld tysdag 11. juni klokka 17:30 på Nordholten på Surnadalseidet. Adressa for aversjonskvelden er Lykkjeeidet 322. Dette er siste aversjonskvelden i år, opplyser SJFF 


Ruteendring for rute 1061 Kvanne – Rykkjem frå 1. juni

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. mai 2024

I ei melding frå Fram får vi informasjon om at fergesambandet, rute 1061 Kvanne – Rykkjem frå og med laurdag 1. juni er tilbake i normal ruteproduksjon. Grunna byggearbeid på Kvanne fergekai har det vore endringar i rutetidene ein periode, men frå laurdag går ferga altså etter opprinneleg oppsett rutetabell.


Pensjonistlaget inviterer til temamøte «Hvordan forebygge svindel»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. mai 2024

Måndag 10. juni inviterer Surnadal Pensjonistlag, i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre til temamøte om korleis ein kan verje seg mot svindel i Svorkasalen på Surnadal kulturhus klokka 13:00 – 15:00. Bakgrunnen for temamøtet er at dei fleste av oss har blitt, eller vil bli utsett for svindel eller svindelforsøk, heiter det i invitasjonen til temamøtet.  


Fjellgruppa med «utanriksfart» i går

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. mai 2024

Da Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i dag på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, låg skodda midt ned i Knyken. Men det skremde ikkje dei 23 frellvandrarane frå å stille opp, for i går var det «utanriksfart» til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune. – Kanskje rart å køyre og ta ferge for å kom på fjelltur når vi bur meste i Trollheimen, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.- Men det er artigt å sjå naturen litt lenger i uti fysnå og, legg han til.


Stavgangarane tek turen til Leikaren torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. mai 2024

Torsdag 30. mai klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny stavgangtur. Denne gongen går turen til Leikaren,