Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2202 artiklar i dette arkivet.


Nypreparerte løyper på Tjønnmyra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. november 2023

Ståle Ansnes, frå Todalen Mjølk, kan rapportere om nypreparerte løyper i Todalen Idrettslag si lysløypa på Tjønnmyra. Han kan rapportere om jamnt over fine forhold for skigåing, men enkelte parti i traseen har litt lite snø enno. 


Bugge Wesseltoft til Vårsøghelga 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 29. november 2023

Sjølv om det er ei lita stund til kalendaren viser mai, så kan Vårsøghelga, som blir arrangert i Surnadal 23. – 26. mai, allereie no røpe litt av programmet for neste års Vårsøghelg. – Vi er glade og stolte over å kunne slippe nyheten om at Bugge Wesseltoft kjem til Vårsøghelga 2024 i Surnadal, heiter det i eit presseskriv frå Vårsøghelga.


Søndag er det julegatetenning

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 28. november 2023

Søndag 3. desemeber er første søndag i advent, og klokka 18:15, etter Todalen Idrettslag sin «adventsmiddag» i Todalen ungdomshus, inviterer Todalen bøgdalag til tenning av julegata mellom Matkroken Todalen og Talgø. 


Travellin’ Strawberries kjem til Surnadal kulturhus

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. november 2023

Jula nærmar seg så mykje at Gjertrud har begynt å leite etter den store kassa med julepynt – og ikkje minst mistelteinen ho vil stille seg under før ho ropar på Olaf. Og det er heller ikkje tvil om at «it’s hard to be a nissemann» no. Det kan difor gjera seg med eit pusterom i julestria «and glæm the trouble» for ei lita stund. Travellin’ Strawberries held konsert på Surnadal kulturhus fredag 15. desember kokka 19:00, til ein herleg mix av «The Julekalender», Beatles, godt humør – og sikkert noko lealaus ansiktsmimikk frå Olaf Sand…


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. november 2023

Fredag 1. desmber, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmer seg jul, og ibakeriet er det høg aktivitet og mykje å gjere fram mot jul. For å sikre at alle får det dei vil ha, ønsker dei at så mange som mogleg førehandsbestiller bakst dei ønsker å kjøpe på fredag.  


Informasjon om medlemskontingenten for 2023

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. november 2023

Todalen Idrettslag har gått gjennom medlemskartoteket sitt, og i samband med dette ser det ut til at nokre av medlemmane i idrettslaget ikkje har fått eposten med fakturaen for medlemskontingent for 2023. eller at eposten rett og slett har hamna i spamfilteret. Dei som ikkje er registrert med betalt medlemskontingent for 2023 vil difor no motta papirfaktura i postkassen sin. 


Takkar for minnegåve

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 22. november 2023

Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) ønsker å takke for minnegåva dei fekk i samband med Leiv Strand si gravferd frå Ranes Kyrkje fredag 10. november i år: 

Vi takker varmt for minnegave i forbindelse med Leiv Strand sin begravelse.

                             Surnadal jeger og fiskerforening


Julekveld med «Teskjekjerringa» på kulturhuset

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. november 2023

Fredag 24. november klokka 18:00 inviterer Surnadal kulturhus til «musikalsk» barneteater for heile familien i Storstuå på kulturhuset. «Teskjekjerringa» elskar jula! Men om ho får det for travelt, blir ho lita som ei teskei! Korleis unngår ho at dette skjer på sjølvaste julekvelden, når mannen er oppkava og må på juletrehogst?


Inviterer til «adventsmiddag» første søndag i advent

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. november 2023

Søndag 3. desember frå klokka 15:30 (rett etter lysmessa i kyrkja) – 18:00 inviterer Todalen Idrettslag til «adventsmiddag» i Todalen ungdomshus. Da sel idrettslaget elghakk, trollkrem og kaffe, så da er det berre å ta turen til ungdomshuset til ein sosial og god middag!


Inviterer til «Haustlys -23»

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 21. november 2023

Torsdag 23. november klokka 18.00 inviterer Surnadal kunstforening til
opninga av «Haustlys -23» i Finstuå på Surnadal kulturhus. Denne gangen er det Ellen Kalvig sine bilete og Steinar Garberg sine keramikkfigurar som blir presentert.


Inviterer til «Felles middag» 22. november

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 20. november 2023

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 22. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.


«Jul på Nordmøre» klart for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. november 2023

Årets utgåve av «Jul på Nordmøre» er på veg ut til butikkane. Det tradisjonsrike juleheftet kjem i 2023 ut for 88. gong. – Innhaldet er bygd over ein lest som lesarane er vel kjende med. Bidragsytarane er ei god blanding av gamle travarar og nye pennar, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.