Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2372 artiklar i dette arkivet.


Todalen Meieri AS får kjøpe skulen, og får forkjøpsrett på barnehagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. mai 2024

I dag vedtok formannskapet i Surnadal kommune samrøystes at Todalen Meieri AS får kjøpe Todalen skule. Prisen dei må betale er 1 krone. Kommunedirektøren hadde i si innstilling til formannskapet innstilt på at Todalen Meieri AS skulle få kjøpe heile oppvekstsenteret, både skulen og barnehagen for 650.001 kroner, men dette sa altså formannskapet samrøystes nei til. 


Remidt sin tømmekalender for mai og juni lagt inn

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. mai 2024

Da har vi lagt inn Remidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mai og juni 2024 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Merk at henting av glass- og metallemballasje og plastemballasje blir henta torsdag 16. mai denne gongen! Elles beklagar vi at vi var litt seint ute med å legge inn tømmekalenderen denne gongen! 


AR Sjømat med salsstand onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mai 2024

AR Sjømat AS frå Averøy vil onsdag 8. mai, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha ny salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt, reker og fisk. 


Stavgangarane startar sesongen med tur til Glærum

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mai 2024

Stavganggtuppa i Surnadal Pensjonistlag starter stavgangsesongen med tur opp til toppen på Glærum onsdag 8. mai klokka 11:00. Parkering ved Kalkstranda, så går turen oppover derifrå.  Denne første gongen blir det altså stavgang på tysdag, men frå og med neste tur, blir turane på torsdagar som tidlegare. Turmål som så langt er bestemt er Haltbakken […]


Ope bekeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. mai 2024

Fredag 10. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!  


Programmet for 17. mai i Todalen 2024

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 5. mai 2024

Todalen bøgdalag og Todalen Idrettslag har i år ansvaret for 17. maifeiringa i Todalen. Programmet for Nasjonaldagsfeiringa i Todalen er no klart. Det meste er kjent og kjært, men i år blir det ikkje tog etter kyrkja og ikkje ettermiddagsarrangement. Det heile startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00. Etter biltoget blir det frokost i Todalen ungdomshus klokka 11:00. 


To Norgespremierar på Surnadal kino neste veke

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 4. mai 2024

Onsdag 8. mai kan Surnadal kino skilte med to Norgespremierar, når vi får eit gjensyn med den ganske bortskjemte katten Pusur i filmen Pusur-filmen og Kingdom og The Planet of the Apes. Pusur-filmen blir vist klokka 18:00, medan Kingdom of the Planet of the Apes blir vist klokka 20:00  


Saklista til årsmøtet er klar

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. mai 2024

Styret i Todalen.no kallar inn til årsmøte fredag 10. mai klokka 18:00 i Skulstuå i Todalen. No er saklista til årsmøtet klar, og den kan du sjå nedanfor. Etter at årsmøtesakene er unngagjort, vil vinnar av «Årets bilete» bli offentleggjort. Det blir enkel servering. 


Fjellgruppa sesongopnar med tur til Høgberget

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 3. mai 2024

Da skriv vi mai, og endeleg kan Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitere til ein ny fjelltursesong. Sesongens første turmål er Høgberget tysdag 7. mai klokka 10:00. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje. 


Innstiller på at Todalen Meieri får kjøpe oppvekstsenteret for 650.001 kroner

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mai 2024

I oktober i fjor vart den nedlagte Todalen skule lagt ut for sal for 1 krone. Todalen Meieri var einaste interessent som ville kjøpe skulen. Etter forhandlingar mellom meieriet og kommunen, har også barnehagebygget blitt ein del av salet. Todalen barnehage vart nedlagt av kommunestyret tidlegare i år, og bygninga blir i dag nytta til bustad for flyktningar. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapsmøtet tysdag 7. mai, rår han formannskapet til å gjere vedtak om også å selje barnehagebygget. Prisen for barnehagebygget er etter takst sett til 650.000 kroner. 


Vårdugnad i Svinviks arboret tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mai 2024

Laurdag 18. mai er det sesongopning i Svinviks arboret, og for å gjere arboretet klart til ein ny sesong inviterer arboretet til vårdugnad tysdag 7. mai klokka 18:00. Så vil du vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong med hageglede og opplevingar? Da er det berre å ta turen tysdag! Ta med hanskar og høveleg reiskap, der rive og hagesaks vil vere mest aktuelt under vårdugnaden. 


Har du hugsa å betale medlemskontingenter for 2024?

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 2. mai 2024

Det spørsmålet stiller Todalen Idrettslag i ei melding til oss. Bakgrunnen er at 71 fakturaer for medlemskontingent for 2024, som vart utsendt i starten av februar, framleis står som ubetalte. Medlemskontingenten er ei viktig inntekt for Todalen Idrettslag, både direkte og indirekte. Medlemstalet er nemleg grunnlaget for utrekningar og tildelingar av ulike offentlege tilskot, Idrettslaget vil i dagane som kjem sende ut faktura for ubetalt medlemskontingent i posten.