Stavgangarane med tur til Leikaren i går
I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret.
Vi fann 2371 artiklar i dette arkivet.
I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret.
Trondheim Taekwon-Do klubb, med god hjelp frå Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer frå onsdag til fredag denne veka sommarsamling for seksti pluss i Surnadal. Deltakarane på sommarsamlinga kjem frå taekwon-do klubbane i Trondheim, Selbu, Hustadvika, Molde, Skien og sjølvsagt Surnadal. Deltakarane kom til Surnadal på føremiddagen i går, og skal vere i Surnadal til tidleg ettermiddag i morgon. I tillegg til trening, har det vore god tid til sosialt samvær under sommarsamlinga, noko som er viktig understrekar arrangøren. I kveld tok dei turen til Todalen og Gammelfabrikken der det var grillmat og underhaldning.
Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!
Todalen Idrettslag har, av Surnadal kommune, fått fire «gratisbillettar» til Eliteseriekampen mellom Kristiansund Ballklubb og Sarpsborg 08 på Nordmøre stadion søndag 2. juni klokka 17:00.
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aversjonskveld tysdag 11. juni klokka 17:30 på Nordholten på Surnadalseidet. Adressa for aversjonskvelden er Lykkjeeidet 322. Dette er siste aversjonskvelden i år, opplyser SJFF
I ei melding frå Fram får vi informasjon om at fergesambandet, rute 1061 Kvanne – Rykkjem frå og med laurdag 1. juni er tilbake i normal ruteproduksjon. Grunna byggearbeid på Kvanne fergekai har det vore endringar i rutetidene ein periode, men frå laurdag går ferga altså etter opprinneleg oppsett rutetabell.
Måndag 10. juni inviterer Surnadal Pensjonistlag, i samarbeid med SpareBank 1 Nordmøre til temamøte om korleis ein kan verje seg mot svindel i Svorkasalen på Surnadal kulturhus klokka 13:00 – 15:00. Bakgrunnen for temamøtet er at dei fleste av oss har blitt, eller vil bli utsett for svindel eller svindelforsøk, heiter det i invitasjonen til temamøtet.
Da Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest i dag på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, låg skodda midt ned i Knyken. Men det skremde ikkje dei 23 frellvandrarane frå å stille opp, for i går var det «utanriksfart» til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune. – Kanskje rart å køyre og ta ferge for å kom på fjelltur når vi bur meste i Trollheimen, seier Kristian Ranes i Fjellgruppa.- Men det er artigt å sjå naturen litt lenger i uti fysnå og, legg han til.
Torsdag 30. mai klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny stavgangtur. Denne gongen går turen til Leikaren,
Som kjent, så fekk Toåa tursti «vaska» bort ein del av toppdekket på delar av turstitraseen under uvêra vinteren og hausten 2022. I dag har Carsten og driftsleiar i Toåa tursti, Ivar lagt på nytt toppdekke på dei plassane der uvêra i 2022 vaska dette bort. Det var Per E. Gjeldnes maskin som leverte og lasta grusen.
Fredag 31. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til ope bakeriutsal i Lia. Her blir det mogleg å få kjøpt både grovbakst og noko godt til helgakaffen!
Treeiningssøndagens gudsteneste i Todalen kyrkje var prega av lys og varme. Omtrent like mange var til stades i kyrkja som det var varmegrader. Det vil seie i underkant av tretti. Denne søndagen avsluttar første halvdel av kyrkjeåret, og markerer starten på halvdelen uten store kyrkjelege høgtider.