Stavgangarane gjekk Kavlvegen
Torsdag 13. juni 2024 tok Stavgangerane turen til Kavlvegen i Surnadalen. Da vi kom til Parkeringa hadde 27 folk møtte opp.
Vi fann 2371 artiklar i dette arkivet.
Torsdag 13. juni 2024 tok Stavgangerane turen til Kavlvegen i Surnadalen. Da vi kom til Parkeringa hadde 27 folk møtte opp.
Surnadal kunstforening inviterer til «kunstnatt» fredag 21. juni frå klokka 19:00. Det heile tek til med todalingane Toril Redalen og Siri Skjerve i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Toril og Siri vil her fortelje om og vise bilete frå
samarbeidsprosjektet «Line Made by Walking».
Tysdag gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Vêrgudane varta ikkje opp med det beste vêret. – Vi var ei lang rekkje som starta oppover mot salen, og veret var knapt halvbra, men vart ikkje verre heller, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
På sitt styremøte måndag kveld, vedtok Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank å tildele kroner 75.000 til Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg på Bordholmen stadion, som er under bygging. – Dette var berre heilt fenomenalt og noko vi verkeleg sett stor pris på, seier ein særs nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme.
Frå og med laurdag 15. juni blir det nye opningstider på Surnadal kulturhus. Kulturhuset vil frå laurdag bli ope frå klokka 07:00 – 22:30 kvar einaste dag, inkludert laurdag og søndag. Frå same dag blir det også endringar i opningstidene på Surnadal bibliotek, noko som har samanheng med ferieavviklinga.
Norsøk på Tingvoll har saman med Surnadal kommune starta eit prosjekt der dei skal forske på kvifor sau og lam forsvinn eller døyr på sommarbeite. I samband med dette har Norsøk sendt ut litt informasjon om kva bønder og turgåarar skal gjere dersom sau og lam forsvinn eller dersom ein finn daude sauer og lam.
Onsdag 19. juni klokka 15:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til siste medlemsmøte før sommarferien i kantina på Surnadal sjukeheim. Kulturskulen kjem også i år på besøk med artig og fin underhaldning!
Fredag 14. juni mellom klokka 12:00 – 17:00 er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Dette er siste bekeriutsal, før dei tek ein kort sommarferie i bakeriet.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 13. juni klokka 11:00 til stavgang på Kavlvegen på Eidet.
Parkering på Eidet, altså ikkje på Åsen.
Onsdag 12. juni frå klokka 11:00 – 17:00 vil AR Sjømat AS ha salsstand utanfor Matkroken Todalen. Da er fiskebilen lasta opp med mykje god fiskemat og pølser til middagar og fest.
Tysdag 11. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Da går turen til Ranessetra, om Salen, den såkalla «Trekantturen». Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00.
Torsdag, på Svenska flaggans dag, tok ikkje Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til nabolandet Sverige, men til nabokommunen Rindal og Igeltjønna! Rindalingane har bygd eit fint turanlegg rundt Igeltjønna med tilhøyrande anlegg både for bading og rekreasjon.