Inviterer til sopelimekurs
Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs onsdag 30. oktober klokka 18.00 på Åsen bygdemuseum.
Vi fann 2521 artiklar i dette arkivet.
	Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs onsdag 30. oktober klokka 18.00 på Åsen bygdemuseum.
	Måndag føremiddag inviterte arrangørane av «Midtsommar i Surnadal» pressa til pressekonferanse for å fortelje om evalueringa av årets midtsommarfest, og planane dei har for 2025.
	Kommunedirektør Lars Inge Kvande ønsker å presiserer at midlane på gåvefond, inklusive gåver til Surnadal sjukeheim ikkje er inkludert i omdisponeringa av fondsmidlar til disposisjonsfondet. Han ønsker å presisere dette for å unngå eventuelle misforståingar.
	Vi er berre dagar før det amerikanske valet og verda held pusten over kva som kan skje i etterkant. På Seniorfilmklubben viser dei filmen Civil war, som kan vere ei lita åtvaring om det som ikkje må skje! Resten av kinoprogrammet er heldigvis litt mindre alvorsprega veka som kjem!
	Onsdag hadde Surnadal Pensjonistlag invitert medlemmane sine til medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei, og responsen frå medlemmane var som vanleg god på invitasjonen.
Søndag 9. mars klokka 19:00 kjem Vamp til Storstuå og Surnadal Kulturhus for å halde konsert. Ja, det er lenge til, men vil ein sikre seg billett til denne konserten, så er det nok lurt å vere tidleg ute, og kanskje kan det vere eit godt julegåvetips også?
	Nordmøre forsvarsforening i samarbeid med Nordmøre brigadeveteranforening og Norges veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO) avdeling Nordmøre inviterer til foredrag med Johan B. Sira og Petter Ingeberg på I Svorkasalen på Surnadal Kulturhus torsdag 31. oktober klokka 18:30.
	Surnadal kommune skal innføre Helseplattformen 9. november klokka 03:00. Helsepersonell i både dei dag- og døgnbaserte tenestene i Surnadal kommune har det siste året difor jobba intensivt for å førebu ein sikker og god overgang til Helseplattformen, som er tilpassa helsetenestene i kommunen.
	Fredag 25. oktoberber frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Det har vore ein hektisk periode i bakeriet, men det likar dei, så på fredag er utsalet fyllt opp att med gode bakevarer.
	Fredag 25. – søndag 27. okotber inviterer Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) alle over 18 år til introjakt på hjort på Vaulen. Oppmøte på parkeringsplassen ved Solåsvatnet klokka 18:00.
	Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 23. oktober klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
	Surnadal kino kan skilte med fleire nye filmar komande veka; og mellom dei «en mirakuløs prestasjon». Det vart laga mange gode tyske filmar sist på 1970-talet. Og filmane fekk eit stort internasjonalt publikum.