Inviterer til «høstquiz»
Fredag 4. oktober klokka 20:00 inviterer Nordvik Grendalag til «høstquiz» i Nordvik forsamlingshus. Det blir servert snacks og eventuell drikke tek ein med sjølv, og «høstquizen» blir avslutta klokka 01:00.
Vi fann 2470 artiklar i dette arkivet.
Fredag 4. oktober klokka 20:00 inviterer Nordvik Grendalag til «høstquiz» i Nordvik forsamlingshus. Det blir servert snacks og eventuell drikke tek ein med sjølv, og «høstquizen» blir avslutta klokka 01:00.
Todalen bøgdalag inviterer tysdag 1. oktober klokka 19:30 til ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen. Møtet blir i Todalen ungdomshus og Hugo Pedersen kjem og orienterer om korleis dagens landskapsverneområde fungerer, og kva ei eventuell endringar frå landskapsverneområde til nasjonalpark og eventuell utviding av verneområdet vil ha å seie for framtidig bruk av Trollheimen.
Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Telstadfjellet. – Vi starta frå Lunneplassen på Bergheim og følgde den ytre stien om Langurdenden til Telstadfjellet, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa.
Torsdag 26. september klokka 11:00 sesongavsluttar Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag med stavgangtur til Øygardshalsen.
Litt kort varsel, men tysdag 24. september frå klokka 11:00 kjem AR Sjømat frå Averøy for å selje sjømat i Todalen. Denne gongen vil dei køyre frå dør til dør rundt bygda, slik at folk kan få kjøpt sjømat heime.
Fredag 27. september mellom klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til nytt bakeriutsal. Hausten er her, og vêret innbyr ikkje alltid til uteaktivitetar, så da kan det vere godt å slappe av inne med noko godt til kaffen!
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 25. september klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Haust er kinotid og Seniorfilmklubben inviterer til ellevill bryllaupsfeiring onsdag 25. september. Å, nei, dei skal ikkje til Geiranger. På Surnadal kino er det litt meir alvor, der dei mellom anna viser filmen Quislings siste dager.
I lengre tid har bekken innafor Tæljestorhaugen prøvd å ta seg ny veg, og vatnet har renne under myra og ned på turistlina. Dette har den siste tida eskalert. Odd Harald Talgø og Kjell Gunnar Polden har planlagt kva som måtte gjerast ei stund, og siste veka har det pågått arbeid for få bekken på rett veg att. Fredag vart dette arbeidet foreløpig avslutta, og nedanfor kan du lese kva Kjell Gunnar skreiv om arbeidet som har vore gjort den siste tida.
Statens vegvesen melder at det blir manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen måndag 23. september klokka 12:00 – 20:00. Grunnen til dette er planlagt vedlikehald i tunnelen melder Statens vegvesen.
Torsdag inviterte Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur til Årnestrøa på Årnes. Tjuesju stavgangarar møtte opp i det skikkeleg fine haustvêret.
Tysdag 24. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Denne går turen deira til Telstadfjellet.