Inviterer til sesongavslutning på Hammerstuene
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til sesongavslutning på Hammerstuene onsdag 13. november klokka 19:00. Der vil det bli servert Lulens gryterett, desert og kaffe!
Vi fann 2470 artiklar i dette arkivet.
Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til sesongavslutning på Hammerstuene onsdag 13. november klokka 19:00. Der vil det bli servert Lulens gryterett, desert og kaffe!
Før helga vart det kjent at Kirsten Vikan Opdahl frå 1. november blir ny kommuneoverlege i halv stilling i Surnadal kommune. Dette skjer gjennom eit samarbeid mellom Surnadal kommune og Rennebu kommune i Trøndelag, og inneber at Vikan Opdahl frå 1. november blir tilsett som kommuneoverlege i halv stilling i kvar av dei to samarbeidskommunane.
Endeleg tid for litt «finsk fjernsynsteater» på Surnadal kino, når Seniorfilmklubben onsdag 6. november klokka 13:00 inviterer til den finske filmen «Høstgule blader»! Eller, dette er langtfrå berre nordisk tristesse – det ligg alltid innbaka eit håp, ein slags happy ending, i filmane til den finske meisterregissøren Aki Kaurismâki.
«Sikker trefelling nær høyspentlinjer – vi hjelper deg, heiter det i pressemeldinga frå Svorka no på tidleg ettermiddag. Hauseten og vinteren er høgsesong for trefelling, og mange kan oppleve at tre står i nærleiken av høgspentliner. Svorka oppfordrar difor folk til å ta kontakt ded dei, når dei skal felle tre i nærleiken av høgspentlinene.
Da har vi lagt inn Remidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for november og desember 2024 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalender for januar og februar 2025 blir lagt ut i romjula.
Nordmøre forsvarsforening, Nordmøre brigadeveteranforening og Norges veteranforbund for internasjonale operasjoner (NVIO) avdeling Nordmøre sitt foredrag med Johan B. Sira og Petter Ingeberg i Svorkasalen på Surnadal Kulturhus torsdag 31. oktober klokka 18:30, blir på grunn av vêrmeldingane utsett.
Med bakgrunn i at det er sendt ut raudt farevarsel for jord- og flaumskred som inkluderer Surnadal kommune, har deler av kriseleiinga i kommunen i dag hatt møte.
Nordvik Grendalag har med bakgrunn i vêrmeldingane, som melder mykje ruskevêr med regn, bestemt seg for å flytte Halloweenfeiringa torsdag 31. oktober til Nordvik forsamlingshus. Tidspunktet er som tidlegare annonsert klokka 18:00
Surnadal kommune informerer om at personar i anbefalte grupper, som ikkje hadde høve til å la seg vaksinere i oktober, får ein ny sjanse onsdag 6. november på Helsestasjonen klokka 13:00 – 15:30.
Todalen historielag og Nordmørsmusea inviterer til soplimekurs onsdag 30. oktober klokka 18.00 på Åsen bygdemuseum.
Måndag føremiddag inviterte arrangørane av «Midtsommar i Surnadal» pressa til pressekonferanse for å fortelje om evalueringa av årets midtsommarfest, og planane dei har for 2025.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande ønsker å presiserer at midlane på gåvefond, inklusive gåver til Surnadal sjukeheim ikkje er inkludert i omdisponeringa av fondsmidlar til disposisjonsfondet. Han ønsker å presisere dette for å unngå eventuelle misforståingar.