Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2470 artiklar i dette arkivet.


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. desember 2024

Fredag 6. desember frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det nærmar seg jul, og det blir koka smultringar hos Lia gard for fullt. Så vil ein sikre seg smultringar til jul, kan det vere lurt å førehandsbestille til fredag!


Sterke gjensyn på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. desember 2024

Møter med stor sprengkraft på kinoen denne veka, når Seniorfilmklubben onsdag 4. desember klokka 13:00 viser vilmen «Past lives». Filmen handlar om to unge som kjem bort frå kvarandre etter at den eine familien flyttar til Canada. Dei har ikkje gløymt kvarandre, men kanskje har tida vekke frå kvarandre ført til litt ulike forhåpningar ved eit framtidig møte.


Julegata på Kvennset tent

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. desember 2024

Søndag kveld inviterte Todalen bøgdalag for å tenne den tradisjonelle julegata mellom Matkroken Todalen og Talgø på Kvennset. Temperaturmessig var det lite som minte om adventstid, da gradestokken viste tosifra plussgrader og opphaldsvêr. Men folk møtte opp og julegata vart tent!


Inviterer til blidspent førjulskveld i Bondehuset

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 30. november 2024

Tysdag 3. desember klokka 19:00 inviterer Stangvik Grendalag til blidspent førjulskveld i Bryå i Bondehuset. Dit kjem heilt sikkert «Åge Hareide» og «Nils Arne Eggen», i Johan Øiestads sin versjon, er blant gjestane når  Stangvik Grendalag inviterer til blidspent førjuskveld.


Husk å sjekke røykvarslaren!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. november 2024

Søndag 1. desember er «røykvarslardagen», ei viktig påminning for å få oss til å ta eiga brannsikkerheit på alvor. Spesielt no når vi går inn i ei tid på året der det tradisjonelt er fleire brannar enn elles i året. – Her i vårt nedslagsområde rykket brannvesenet ut til 5 boligbranner i fjor, seier Anders Betten, DLE-ansvarlig i Svorka.


Søndag tennes julegata

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 29. november 2024

Søndag 1. desember klokka 18:15 tenner Todalen bøgdalag si, etter kvart tradisjonsrike julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, Bøgdalaget inviterer store og små til å vere med på tenninga av julegata si!


Manuell dirigering i Svinviktunnelen natt til torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. november 2024

Statens vegvesen melder at det vil vere manuell dirigering og kolonnekøyring med ledebil gjennom Svinviktunnelen frå onsdag 27. november klokka 22:00 til torsdag 28. november klokka 06:00. 


Todalen sanitetsforening serverte kveldsmat på sjukeheimen

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 27. november 2024

Tysdag ettermiddag dro mange av damene i Todalen sanitetsforening til Surnadal sjukeheim for servere kveldsmat til bebuarane. Sanitetsdamene serverte påsmurte brødskiver med mykje godt pålegg, noko som vart godt motteke av takknemmelege bebuarar!


Inviterer til avslutningskveld

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 26. november 2024

Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) inviterer alle som har delteke på Jakt- og Fiskeskulen i 2024 til ein avslutningskveld på klubbhuset sitt på Nordsida 198, onsdag 4. desember klokka 18:00 – 20:00.


Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. november 2024

Fredag 29. november frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det er ein knapp månad til jul, og hos Lia gard går kokinga av smultringar for fullt, så allereie på fredag er det mogleg å få kjøpt smultringar til jul. 


Økonomi- og handlingsplan for 2025 – 2028 lagt ut på høyring

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. november 2024

Surnadal formannskap vedtok i sitt møte 21. november Økonomi- og handlingsplan for Surnadal kommune for perioden 2025 – 2028. Plana er no lagt ut på høyring, og høyringsfristen er sett til måndag 9. desember klokka 12:00. 


Frå Moskva til Motunui på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 25. november 2024

Seniorfilmklubben viser filmen Stalins død onsdag 27. november klokka 13:00. Folmen handlar sjølvsagt om Josef Stalin – men mest om dei han delte makta med. Så dette er ikkje noko å flire av – eller rettare sagt, det er akkurat det det er!