Todalen sanitetsforening serverte kveldsmat på sjukeheimen
Tysdag ettermiddag dro mange av damene i Todalen sanitetsforening til Surnadal sjukeheim for servere kveldsmat til bebuarane. Sanitetsdamene serverte påsmurte brødskiver med mykje godt pålegg, noko som vart godt motteke av takknemmelege bebuarar!