Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forfattararkiv for

Vi fann 2469 artiklar i dette arkivet.


Årets farge er vinraud!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. februar 2025

I mange år har Hals Oil fått laga capsar for sal. I år er ikkje noko unntak, og «årets farge» er vinraud. Capsane er å få kjøpt for kroner 150,- på Matkroken Todalen, kan Mari Brusethaug Redalen fortelje. 


Svorka med fleire fiberutbyggingsprosjekt i 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. februar 2025

På morgenkvisten i dag tikka det inn ei pressemelding frå Svorka. Her får vi informasjon om dei fem planlagde utbyggingsprosjekta av fibernettet i år. Tre av prosjekta er i Rindal kommune, medan dei to siste er i Surnadal kommune. Pressemeldinga kan du lese nedanfor:


Styret i Nordvik Grendalag tok attval

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. februar 2025

Tysdag kveld hadde Nordvik Grendalag kalla inn til årsmøte i Nordvik forsamlingshus. Ifølge rapporten vi har motteke frå årsmøtet, så var det ordinære saker som stod på sakskartet og enkel servering. 


Saksdokumenta til årsmøtet i idrettslaget er klare

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 26. februar 2025

Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte onsdag 5. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. I samsvar med lova til idrettslaget, så legg styret i no fram komplett sakslista og årsmøtedokumenta. 


Fastelavensutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 25. februar 2025

Fredag 28. februar frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til fastelavensutsal i bakeriutsalet sitt. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffen i fastelaven, som er på søndag. Forresten har ski-VM i  Trondheim også, så da kan det vere lurt å ha noko godt på lur for å feire eventuelle medaljer! 


Surnadal Jeger- og Fiskerforening fekk fin gåve

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. februar 2025

I helga fekk Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) vite at dei hadde fått ei pengegåve på 10.000 kroner. Det var John Sogge, som på vegne av Surnadal Kjemiske arbeiderforening kunne informere om dette i helga. 


Reint og sølete på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. februar 2025

Møte med overivrige husmødre og spinnville leikeapekatter på kinolerretet i Surnadal denne veka. For å gjera unna gjengarane først. Det er framleis gode sjansar for å få med seg Kaptein Sabeltann og Bridget Jones på kvardagskveldane på kinoen denne veka.


Inviterer til «felles middag» onsdag 26. februar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. februar 2025

Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. februar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir det servert kjøttkaker med poteter, brun saus og ertestuing. 



«Vintersyn 25» opnar på kulturhuset laurdag

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 19. februar 2025

Laurdag 22. februar klokka 13:00 opnar Surnadal kunstforening utstillinga «Vintersyn» i Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det kunstnaren Ane Vik Eines frå Aure som stiller ut, og ho vil vere til stades under opninga på laurdag. 


Inviterer til solidaritetsmarkering for Ukraina

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. februar 2025

Måndag 24. februar er det tre år sidan Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina. I samband med treårsdagen blir det invitert til solidaritetsmarkering til støtte for Ukraina i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei klokka 17:00 – 18:00. 


Manuell dirigering gjennom Svinviktunnelen natt til tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 16. februar 2025

Tysdag 18. februar frå klokka 00:00 til klokka 06:00, altså natt til tysdag, er det manuell dirigering med kolonnekøyring gjennom Svinviktunnelen på Fylkesveg 6145, melder Statens vegvesen til redaksjonen i Todalen.no.