Svorka ein av teleeventyret sine heltar
I ei pressemelding frå Svorka no i morgontimane, blir vi informert om at Svorka er i godt selskap når dei får hederleg omtale i ei ny bransjeutgjeving for si satsing og utbygging av fibernett. Dette kjem fram i rapporten «Teleeventyrets mange helter – en spesialrapport 1967 – 2030». Rapporten er ført i pennen av Arne Joramo, mangeårig telejournalist og redaktør.