Inviterer til jakt- og fiskeskule
Surnadal JFF inviterer til jakt- og fiskeskule 1. halvår 2023. Så har du lyst til å lære om aktivitetar knytta til jakt, fiske og friluftsliv?, og samtidig er i aldersgruppa 10 – 13, da kan dette vere noko for deg!
Vi fann 3631 artiklar i dette arkivet.
Surnadal JFF inviterer til jakt- og fiskeskule 1. halvår 2023. Så har du lyst til å lære om aktivitetar knytta til jakt, fiske og friluftsliv?, og samtidig er i aldersgruppa 10 – 13, da kan dette vere noko for deg!
Neste veke er de vinterferie på skulane over store delar av landet, inkludert i Surnadal kommune. Svømmehalden er open tysdag, onsdag og torsdag i vinterferieveka, slik at dei som brukar svømmehallen til vanleg, også kan nytte seg av tilbodet når skulane held vinterferiestengt.
Torsdag 16. februar klokka 18:00 opnar årets «Vintersyn» i galleri Finstuå på Surnadal kulturhus. I år er det Kristian Finborud frå Voss, der han har eige galleri. Bileta hans, som er stemningsfulle vinter- og skibilete har gjerne humoristiske titlar, og har blitt særs populære. Alex Trio vil stå for det musikalske innslaget under opninga torsdag. Så her kan ein forvente fengande rytmar, samt flotte og stemningsfulle bilete.
Det er hektiske tider i nominasjonskomiteane rundt om i dei politiske partia før kommunevalet til hausten. Surnadal SV presenterte si liste no i dag, og her er Karina Kalvik kumulert på toppen av lista.
Miljøpartiet de grønne (MDG) i Surnadal presenterte i går kveld lista si for kommunestyreprioden 2023 – 2027. Todalingen Kjell Gunnar Polden toppar lista og er dermed partiet sin ordførarkandidat framfor haustens kommneval i Surnadal. Kjell Gunnar er saman med Kjell Johan Larsen komulert på toppen av lista.
Neste veke er det vinterferie på skulane, og fredag 17. februar, klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard difor til «vinterferieutsal» frå bakeriutsalet sitt. Så da blir det mogleg å sikre seg både noko til kaffekosen og grovbakst til «vinterferieveka»! På «vinterferieutsalet» kan du få kjøpt: – Ferske smultringer – Ferske skulebollar med heimelaga vaniljekrem […]
Torsdag 16. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!
Det har i dag vore forsøkt utført litt servicearbeid på ei av tredemøllene og romaskina på Hett & Svett. På tredemølla skulle det skiftast band, men det nye bandet leverandøren hadde levert passa ikkje, så her må det skaffast eit nytt før tredemølla blir i orden att.
Styret i Todalen Idrettslag kallar inn til årsmøte i Todalen ungdomshus onsdag 15. mars klokka 19:00. Den som vil seie frå seg tillitsverv i idrettslaget må gjere dette skriftleg til valnemnda innan tysdag 28. februar. Saker som skal behandlast på årsmøtet må sendast skriftleg til styret i idrettslaget innan tysdag 28. februar. Det blir enkel servering. […]
Tysdag kveld klokka 19:00 blir ei fulltonande og lærerik stund i Stangvik kyrkje. Publikum, konfirmantar, kor og kyrkjestab opnar da salmeboka i full breidde. Dette heiter det i ei pressemelding vi har fått i dag
Laurdag 11. februar, mellom klokka 11:00 – 15:00, inviterer Lia gard til «morsdagsutsal». Så da blir det mogleg å sikre seg nokre godbitar, for å overraske mor med på morsdagen søndag den 12! Førehandsbestiller innan torsdag 9. februar klokka 12:00.
Torsdag 9. februar klokka 11:00 – 12:00, inviterer Surnadal Pensjonistlag på nytt til trim i Trudvang. Dei har fått med seg fysioterapeut Oda til å leie treninga, og å vise fram gode øvingar, som gjer godt for kroppen!