Stavgangarane tek turen til Haltbakken
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Haltbakken torsdag 11. mai klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Rabbleet på Nordvik, så går turen altså derifrå og utover til Haltbakken.
Vi fann 3672 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til stavgang til Haltbakken torsdag 11. mai klokka 11:00. Oppmøte og parkering ved Rabbleet på Nordvik, så går turen altså derifrå og utover til Haltbakken.
I helga, 12. – 14. mai, inviterer Surnadal Golfklubb til årets første VTG-kurs («Veien-Til-Golf» = nybegynnerkurs) for nybegynnarar på Surnadal Golfpark på Mo. Så kjenner du nokon som har lyst til å lære å spele golf, så er det berre å tipse dei om kurset!
Fredag 12. mai, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard igjen til bakeriutsal. Så da blir det mogleg å sikre seg både grovbakst og noko til kaffekosen til helga. Lia gard feirar at våren endeleg har kome igang! Dei feirar dette med å gje bort ein ferdig pyntet pavlovabunn til ein av dei som førehandsbestiller varer til utsalet sitt førstkomande fredag.
Marius Kvande (13), med bestemor frå Sagtrøa i Ørsalgrenda, spelte ein fantastisk runde under årets opningsturnering «Hook & slice» på Surnadal Golfpark på Mo. Han sette like godt ny banerekord med 66 slag. Dette tilsvarer par på Surnadal Golfpark.
17. mai nærmar seg, og i år har alle 17. maikomiteane i Todalen og Stangvik skulekrins laga eit felles program for feiringa av nasjonaldagen. Så her kan ein velge og vrake mellom forskjellege arrangement rundt om i bygdene i skulekrinsen.
Da har vi lagt inn REMIDT sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mai og juni 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for juli og august, vil bli lagt inn i starten av juli månad.
Det er funne eit messetelt på 3 ganger 3 meter av merket O B Wiik på parkeringsplassen ved nedkøyringa til Haltbkken. Teltet er teke vare på, og eigar kan få det att ved å ta kontakt med redaksjonen i Todalen.no på telefon 986 11 707, så opprettar vi kontakt med finnaren.
I sol frå blå himmel tok 22 stavgangarar i går sesongens andre stavgangtur til Glærum. Det var oppmøte og parkering ved kalkstranda. Derifrå gjekk turen opp til toppen, og ned att til kalkstranda, der det var kaffe og sosialt samvær.
I dag har Treffast Surnadal vore hos Ole Johan Kvendbø på Eidet og pakka ved i sekkar. Ole Johan er storprodusent av ved, og Treffast var der for hjelpe til med å pakke vedsekker som skal delast ut komande vinter. Treffast får bidrag frå det lokale næringsliv, og ønsker difor å gje noko attende til næringslivet og lokalsamfunnet i Surnadal.
Også i år arrangerer Surnadal JFF jegerprøvekurs. I år går kurset over to helger i Surnadal JFF sitt klubbhus, Nordsida 198 på Tellesbø. Jegerprøvekurset går helgene 2. – 4. juni og 9. – 11. juni.
Svinviks arboret, i samarbeid Surnadal Hagelag, inviterer til vårdugnad i Svinviks arboret onsdag 10. mai klokka 18:00. Så har du lyst til å vere med å gjere arboretet klart til ein ny sesong, er det berre å møte opp i arboretet og bli med på vårdugnaden.
Torsdag 4. mai inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgang langs på Glærum. Turen går frå kalkstranda og opp til toppen, og ned att til kalkstranda.