SJFF arrangerer jakt- og fiskeskule for barn og ungdom
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) arrangerte for første gong jakt- og fiskeskule i 2023. Dei gjentek suksessen frå i fjor, og har i år i tillegg teke med noko, samstundes som innhaldet er betra. Jakt- og fiskeskule (JOFS) er eit fritidstilbod for barn- og ungdom. Tilbodet består av fleire forskjellege aktivitetar som skal bidra til å skape eit levande lokalt miljø.