Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3279 artiklar i dette arkivet.


Informasjon om røystegjeving i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. juli 2023

I haust er det kommune- og flkestingsval, og Surnadal kommune kjem no med litt inforasjon om førehandsrøysting og anna informasjon i samband med valet 11. september. I perioden frå 10. august til og med 8. september kan du førehandsrøyste i Surnadal kommune. Førehandsrøystinga foregår på Surnadal kulturhus. På sjølve valdagen, 11. september kan du sjølv velje kvar du vil røyste, altså sjølv velje det røystelokalet du sjølv vil i kommunen.  


Tømmekalender for juli og august er oppdatert

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. juli 2023

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for juli og august 2023 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Tømmekalenderen for september og oktober, vil bli lagt inn i starten av september månad. 


Open kafe i Slettneset søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 8. juli 2023

I morgon, søndag 9. juli klokka 12:00 – 16:00, er det igjen open kafe hos Slettneset steinovnsbakeri. Her blir det sal av kaffe og nystekt bakst, så da er det berre å ta turen til Slettneset for å ta søndags-kaffen saman med andre. 


Skihytta: Byr på bakels og graut til kaffen på laurdag

Jon Olav Ørsal Sundag 2. juli 2023

«Kjøkkensjefen» på Skihytta, Knut Halset, inviterer alle som har lyst til å kome til Skihytta på Ørsal-fjellet komande laurdag, 8. juli.  Da vil han fyre opp vaffelpressa og servere gratis bakels, graut og kaffe.  – Kafeteriaen er open frå 11:00 til 14:00 denne dagen – og alle er velkomne!


TILs Jubileumslotteri – no er trekningslista klar!

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juli 2023

No er trekningslista for TILs jubileumslotteri klar.  Salet av lodd i jubileumlotteriet har pågått dei siste vekene og det er nok mange som hadde stor forhåpning og var spente på trekninga som skulle skje under Todalsdagen.  Det vart selt lodd for over 28.000 og trekninga gikk føre seg på Bordholmen laurdag ettermiddag.  Bla om og […]


Xreid Trollheimen 2023 passerte Kårvatn

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. juni 2023

I dag gjekk starten på fjelløpet Xreid, som var er 135 kilometer og med ein total høgdeforskjell på 5400 meter i Storlidalen. Xreid Trollheimen hadde start klokka 12:00 og målgang på Oppdal ut på morgonkvisten i morgon. Litt før 15:30 passerte dei første løparane Kårvatn check point. Det er 233 startande pluss 15 lag (minimum 2 som spring saman). 


Stavgangarane tok turen til Kårvatn og Nauståfossen

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. juni 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen sin til Kårvatn og Nauståfossen. – Fossen var mektig og ville vise seg til fram til dei 21 som var med på tur idag, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa. 


Todalen Idrettslag sitt store «Jubileumslotteri» rullar vidare

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juni 2023

Laurdag første 1. juli er det duka for Todalsdagen 2023. Det er i år 30 år sidan den første Todalsdagen vart arrangert tilbake i 1993, noko Todalen Idrettslag markerer med eit stort «Jubileumslotteri» med ti fine gevinstar frå lokale bedrifter. 


Fjellgruppa avslutta vårsesongen med tur til Steinløa

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. juni 2023

I går gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens siste fjelltur, ogdenne gongen gjekk til Steinløa attom Svarrafjellet, sett frå Surnadal. – Alldeles rett turver etter sprengvarmen, så stemninga var god, kunne Kristian Ranes i Fjellgruppa rapportere etter turen.  


Dugnad på Bordholmen torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juni 2023

I forkant av Todalsdagen 1. juli, arrangerer Todalen Idrettslag dugnad på anlegget på Bordholmen stadion torsdag 29. juni klokka 18:00, for å gjere anlegget klart til Todalsdagen. Det er anlegget utandørs som skal klargjerast, så ta med høveleg reiskap. 


Stavgangarane tek turen til Nauståfossen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. juni 2023

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer til ny stavgangtur  torsdag 29. juni klokka 11:00. Denne gongen går turen til Kårvatn og Nauståfossen.


Vårsesongens siste Fjellgruppetur på tysdag

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 25. juni 2023

Tysdag 27. juni går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag vårsesongens sin siste tur til Steinløa attom Svarrafjellet. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:30.