Pubkonsert i Bondehuset på laurdag
Laurdag 8. juni klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til pub og konsert med Ila Blandamannskor i Bondehuset.
Vi fann 3577 artiklar i dette arkivet.
Laurdag 8. juni klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til pub og konsert med Ila Blandamannskor i Bondehuset.
Torsdag 6. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur i nabokommunen Rindal. Da inviterer dei nemleg til stavgangtur rundt Igeltjønna i Rindal kommune.
Tysdag 4. juni går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Syltnebba. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00
Laurdag 1. juni inviterte Todalen sanitetsforening til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset. Etter ein lang periode med sol og varme dagar, starta juni med skodde langt nedover liene, regn og surt ver. Altså godt innver!
Laurdag 08.juni inviterer Surnadal Hagelag og Nordmørsmusea igjen til planteloppemarked i tunet på Åsen bygdemuseum, med påfølgande kaffeservering og opne museumsutstillingar. Loppemarkedet startar kl. 13.00.
I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, kan vi lese at Svorka Kraft i 2023 oppnådd stor vekst og fremgang, trass i utfordringar i energisektoren. Svorka har teke viktige steg for å møte fremtida sine behov for fornybar kraft og betre infrastruktur, samtidig som dei har styrket sin posisjon i marknaden.
I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret.
Trondheim Taekwon-Do klubb, med god hjelp frå Surnadal Taekwon-Do klubb arrangerer frå onsdag til fredag denne veka sommarsamling for seksti pluss i Surnadal. Deltakarane på sommarsamlinga kjem frå taekwon-do klubbane i Trondheim, Selbu, Hustadvika, Molde, Skien og sjølvsagt Surnadal. Deltakarane kom til Surnadal på føremiddagen i går, og skal vere i Surnadal til tidleg ettermiddag i morgon. I tillegg til trening, har det vore god tid til sosialt samvær under sommarsamlinga, noko som er viktig understrekar arrangøren. I kveld tok dei turen til Todalen og Gammelfabrikken der det var grillmat og underhaldning.
På Todalshytta setter dei ekstra pris på det fine sommarvêret. Fredag kveld tenner dei på storgrillen og inviterer til grillkveld med mykje godt på grillen. Kultur blir det og, for Johanne Holten frå Surnadal vil underhalde med song og musikk utover kvelden. Det blir start kl 18, og YR.NO byr på finvêr og varme utover kveldet, fortel Arve Evensen på Todalshytta.
Laurdag 29. juni inviterer Todalen Idrettslag til den 32. Todalsdagen på Bordholmen stadion. I går var leiarane i dei forskjellege komiteane samla til møte for å legge siste handa i planleggingsarbeidt for Todalsdagen 2024. Programmet syner at det blir ein tradisjonell dag, der den rutinerte komiteen verkar å ha full kontroll på alt bortsett frå vêret!
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) inviterer til aversjonskveld tysdag 11. juni klokka 17:30 på Nordholten på Surnadalseidet. Adressa for aversjonskvelden er Lykkjeeidet 322. Dette er siste aversjonskvelden i år, opplyser SJFF
I ei melding frå Fram får vi informasjon om at fergesambandet, rute 1061 Kvanne – Rykkjem frå og med laurdag 1. juni er tilbake i normal ruteproduksjon. Grunna byggearbeid på Kvanne fergekai har det vore endringar i rutetidene ein periode, men frå laurdag går ferga altså etter opprinneleg oppsett rutetabell.