Bli med stavgangarane til Svorka!
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 20. juni klokka 11:00 til stavgangtur til Svorka i Bæverdalen. Parkering ved garden.
Vi fann 3578 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 20. juni klokka 11:00 til stavgangtur til Svorka i Bæverdalen. Parkering ved garden.
Toåa tursti er meir enn ei stripa for hyggelege treff og trimpoeng-jakt, det er òg tittelen på vinnarbilete for mai. Meisterfotografen bak er Torkjel A. Moe – vi gratulerer!
Laurdag 22. juni klokka 10:30 inviterer Stangvik Historielag til tur til setrene i Nessadalen utanfor Flessen, oppmøte ved bommen til Båtvikvegen. Svein Aarnes blir med som vegvisar og vil fortelja om seterdrifta og gamal busetnad i området.
Nordmørsmusea inviterer til temakveld på Åsen bygdemuseum torsdag 20.juni kl.19.00 – i fjøset:
Tema: Kven var dei første nordmøringane?
Kvar kom dei frå, og kvifor kom dei hit?
Kultur- og idrettsmannen Alf Ramsøy vart fødd 30. september 1924. Todalen historielag og Todalen Idrettslag vil søndag 29. september markere at det da, omtrent på dagen, er 100 år sidan Alf vart fødd.
Rute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunnet driftsproblem blir 22:15 avgangen fra Rykkjem framskyndet til 21:45 og deretter blir sambandet innstilt ut kvelden, det vil si til og med avgang 23:35 fra Rykkjem. Oppstart i morgen Lørdag 15.06 blir kl 08:00 fra Kvanne, melder Fjord1 til Todalen.no.
Tysdag 18. juni inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Ørnnebba ovanfor Nordvik.
Torsdag 13. juni 2024 tok Stavgangerane turen til Kavlvegen i Surnadalen. Da vi kom til Parkeringa hadde 27 folk møtte opp.
Surnadal kunstforening inviterer til «kunstnatt» fredag 21. juni frå klokka 19:00. Det heile tek til med todalingane Toril Redalen og Siri Skjerve i Svorkasalen på Surnadal kulturhus. Toril og Siri vil her fortelje om og vise bilete frå
samarbeidsprosjektet «Line Made by Walking».
Tysdag gjekk Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Ranessetra. Vêrgudane varta ikkje opp med det beste vêret. – Vi var ei lang rekkje som starta oppover mot salen, og veret var knapt halvbra, men vart ikkje verre heller, kan Kristian Ranes i Fjellgruppa fortelje.
På sitt styremøte måndag kveld, vedtok Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank å tildele kroner 75.000 til Todalen Idrettslag sitt nye nærmiljøanlegg på Bordholmen stadion, som er under bygging. – Dette var berre heilt fenomenalt og noko vi verkeleg sett stor pris på, seier ein særs nøgd leiar i Todalen Idrettslag, Elinor Bolme.
Norsøk på Tingvoll har saman med Surnadal kommune starta eit prosjekt der dei skal forske på kvifor sau og lam forsvinn eller døyr på sommarbeite. I samband med dette har Norsøk sendt ut litt informasjon om kva bønder og turgåarar skal gjere dersom sau og lam forsvinn eller dersom ein finn daude sauer og lam.