Snø i fjellet – men ikkje nattfrost
Natt til torsdag var minimumstemperaturen på mellom 3- og 4 grader, men det var ikkje nokon nattefrost sjølv om det klårna opp onsdag kveld. Når det klårna opp vart det nok avsørt at det var nysnø i høgfjellet.
Vi fann 3534 artiklar i dette arkivet.
Natt til torsdag var minimumstemperaturen på mellom 3- og 4 grader, men det var ikkje nokon nattefrost sjølv om det klårna opp onsdag kveld. Når det klårna opp vart det nok avsørt at det var nysnø i høgfjellet.
Tysdag opna Ahmad Almalat sin nye matbutikk Family market i Elektrogården på Skei. Den nye asiainspirerte matbutikken vil ha tørrvarer, kjøle- og frysevarer, frukt og grønnsaker. Butikken vil vere eit suplement til matbutikkane som allereie finst i Surnadal, spesielt med tanke på krydder, sausar, grønnsaker og eksotiske frukter.
Tysdag hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til fjelltur til Syltnebba. Turen starta frå Alpinsenteret i Sæterlia og oppover til Syltnebba. – Utruleg bratt var det opp både grusvegen og stien opp til toppen, fortel Anne V. Einum i Fjellgruppa. – Det har med åra blitt både brattare og lengre, merkeleg!?, legg ho til.
Kulturavdelinga i Surnadal kommune vil også i år tilby barn og ungdom gratis sommaraktivitetar to veker i sommarferien. Det fekk vi orientering om på ein pressekonferanse på Surnadal kulturhus på tysdag morgonen. Det var leiar for Surnadal Frivilligsentral Sissel H. Storslett, friskluftkoordinator Trine Glåmen, leiar for ungdomsklubben Lars Sæther og biblioteksjef Gunhild Täringskog som hadde kalla inn pressa for å fortelje den gode nyheita.
Også i år arrangerer Surnadal bibliotek «sommarles»-kampanje. Tal frå tidlegare år viser at kampanjen aktiviserer kring 1/3 av barn og unge i Surnadal kvar sommar, så dette er altså definitivt ein av dei aller mest populære sommaraktivitetane i kommunen.
Laurdag 8. juni klokka 18:00 inviterer Stangvik Grendalag til pub og konsert med Ila Blandamannskor i Bondehuset.
Torsdag 6. juni klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til stavgangtur i nabokommunen Rindal. Da inviterer dei nemleg til stavgangtur rundt Igeltjønna i Rindal kommune.
Tysdag 4. juni går Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag sin fjelltur til Syltnebba. Oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00
Laurdag 1. juni inviterte Todalen sanitetsforening til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset. Etter ein lang periode med sol og varme dagar, starta juni med skodde langt nedover liene, regn og surt ver. Altså godt innver!
Laurdag 08.juni inviterer Surnadal Hagelag og Nordmørsmusea igjen til planteloppemarked i tunet på Åsen bygdemuseum, med påfølgande kaffeservering og opne museumsutstillingar. Loppemarkedet startar kl. 13.00.
I ei pressemelding frå Svorka no på tidleg ettermiddag, kan vi lese at Svorka Kraft i 2023 oppnådd stor vekst og fremgang, trass i utfordringar i energisektoren. Svorka har teke viktige steg for å møte fremtida sine behov for fornybar kraft og betre infrastruktur, samtidig som dei har styrket sin posisjon i marknaden.
I går gjekk Surnadal Pensjonistlag sin stavgangtur til Mogstad og opp til Leikaren. Sytten spreke stavgangarar var med på gårsdagens stavgangtur til Leikaren i det fine turvêret.