Stavgangarane gjekk Svinvikrunden
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde torsdag invitert til stavgang i Svinvikrunden, og tjuefire stavgangarar responderte på invitasjonen og møtte opp i det fine turvêret.
Vi fann 3617 artiklar i dette arkivet.
Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag hadde torsdag invitert til stavgang i Svinvikrunden, og tjuefire stavgangarar responderte på invitasjonen og møtte opp i det fine turvêret.
Tysdag inviterte Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til fjelltur til Kvenndalen og Skarfjellet. Og det vart ein fin haustur for fjellvandrarane i fine farger, men både med litt regn i lufta og skodde innimellom. Med fjelllvandrarane tok ikkje skrekken og fekk ein fin tur i fine haustfarger.
Torsdag 5. september klokka 18:30 inviterer Todalen historielag til «historisk filmkveld» i Todalen ungdomshus. Her vil det bli vist filmar Svein Åge Saksen har laga frå Todalen barnehage, og litt frå Todalen skule i tidsrommet 1991 – 95. Så her kan det vere nokon som kan få sjå seg sjølv i ei litt yngre utgåve?
Statsforvaltaren har bede Surnadal kommune avklare om det er lokal aksept for å gå vidare med ei utgreiing om å endre verneform og utvide verneområdet i Trollheimen. Surnadal kommune inviterer no innbyggarane sine til å gje skriftlege innspel innan 30. september.
Nikolai Søyset Hopland, sonen til Anne Søyset frå Heimstad, har hatt ei fin og stigande kurve på fotballbanen. Noko som gjer at han frå 1. september i år og fram til juni neste år får sjansen til å spele fotball i Eresdivisie i Nederland.
Torsdag 5. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny stavgangtur. På torsdag går stavgangarane Svinvikrunden.
Odd Arild Sande, og dei andre bebuarane som har gått saman om felles søppeldunkar oppe ved vegen ved neddkøyringa til Slettneset på Nordvik, har dei siste sommarane opplevd at søppeldunkane deira blir bruka av turistar for å kvitte seg med søppel, noko som fører til overfylte dunkar og mykje rot rundt dunkane.
Etter gudstenesta i Todalen kyrkje i går føremiddag, vart det funne eit brillehus med briller som låg att i kyrkja. Er dette brillene dine, så får du dei att om du tek kontakt med betjeninga på Matkroken Todalen, da dei tek vare på brillehuset og brillene til eigaren melder seg!
Tysdag 3. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag går turen til Skardfjellet og det er oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvenndalen og opp til parkeringsplassen.
Torsdag 5. september 2024 klokka 18:00 inviterer Stangvik historielag, Sunndal Mållag og Sunndal kommune til kulturvandring i Ålvundfjord.
Torsdag hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang til Roparen. 27 spreke stavgangarar møtte opp i det verkeleg fine seinsommarvêret.
Det blir sagt at pensjonistar har ferie heile året, men dette stemmer nok ikkje, i alle fall ikkje for medlemmane i Surnadal Pensjonistlag, for her er aktivitetsnivået høgt. Onsdag var det medlemsmøte i lokala til Frivilligsentralen på Skei, og det var mange medlemmar som fann vegen dit!