Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3278 artiklar i dette arkivet.


«Jul på Nordmøre» klart for sal

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 19. november 2023

Årets utgåve av «Jul på Nordmøre» er på veg ut til butikkane. Det tradisjonsrike juleheftet kjem i 2023 ut for 88. gong. – Innhaldet er bygd over ein lest som lesarane er vel kjende med. Bidragsytarane er ei god blanding av gamle travarar og nye pennar, seier leiar i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes.


Ungdommane fekk lære å skjære ned hjort

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 18. november 2023

I går ettermiddag og kveld, var ungdommar frå Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) samla i reiskapshuset til Carstn Bohle for å lære å skjære ned hjort. Den eine hjortekalven vart skoten av ein av ungdommane i Snekvika førre laurdag, under SJFF si introjakt. I tillegg hadde dei fått ein liten kalv frå eit jaktlag, så det var to hjortekalvar dei hadde å trene på.


Basar i Bondehuset i Stangvik

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. november 2023

Stangvik Grendalag arrangerer den tradisjonelle basaren i Bondehuset i Stangvik neste laurdag 25. november frå klokka 16:00. Der blir det ballkast, pilkast og aktivitetar for barna.


Inviterer til «Frivilligforum»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 17. november 2023

Frivilligsentralen i Surnadal inviterer til markering av «Frivillighetens dag», med å arrangere «Frivilligforum» i Svorkasalen på Surnadal kulturhus tysdag 5. desember klokka 18:00 – 20:00. «Frivilligforum» er ein arena for frivillige lag, organisasjonar og frivillige som er interesserte i eit levande lokalsomfunn, og som har lyst til å engasjere seg med sitt lille eller store bidrag. 


Surnadal Pensjonistlag inviterer til «julemiddag»

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. november 2023

Onsdag 6. desember klokka 13:00 inviterer Surnadal Pensjonistlag til julemiddag på Folkehøgskulen i Surnadal. – Kom og bli med på den tradisjonelle «julemiddagen» til Pensjonistlaget!, oppfordrar Kristian Ranes i Surnadal Pensjonistlag. 


Ope bakeriutsal hos Lia gard fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 13. november 2023

Fredag 17. november, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Da er trauet mellom anna fylt opp med ferske skulebollar, og sjølvsagt mykje anna godt! 


Boklansering og litt til på kulturhuset torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 11. november 2023

Surnadal bibliotek inviterer torsdag 16. november klokka 19:30 til boklansering med Lars Steinar Ansnes. Boka Fintenkjarplassen akkurat komen frå trykken og klar for sal. Fintenkjarplassen er staden Lars Steinar Ansnes spankulerer til for å spekulere på det meste.


Toril stiller ut på Nasjonalmuseet

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 10. november 2023

«Norske Kunsthåndverkerenes Årsutstilling» er den største årlege mønstringa av samtidskunsthandverk frå Norge. Alle som arbeider med materialbasert kunst i Norge kan søke om å bli med, og i år var det 762 kunstnarar som søkt med om å få vere med. Meir enn 2000 kunstverk vart vurdert, og av desse vart 56 kunstnarar og 63 kunstverk med på utstillinga på Nasjonalmuseet i Oslo.


Lars Inge Kvande blir ny kommunedirketør

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. november 2023

I ei pressemelding frå Surnadal kommune akkurat no, blir vi gjort kjent med at eit samrøystes kommunestyre, i eit ekstra møte på ettermiddagen i dag, har tilsett Lars Inge Kvande som ny kommunedirektør i Surnadal kommune.


Gjev pris tildelt Svinvik gard

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 8. november 2023

I ei pressemelding frå Innovasjon Norge, får vi opplyst at Svinvik gard er tildelt «Bedriftsutviklingsprisen i landbruket». På garden i Svinvika har det vore tradisjon for å tenke nytt. Tore og Kristina Svinvik stod ved eit vegskilje då dei tok over garden i 2015.


Gamle jungelort frå Stevra på biblioteket

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. november 2023

Surnadal bibliotek inviterer til forfattartreff med Sverre Årnes måndag 13. november klokka 18:00, der han i samtale med Svein Sæter legg ut mest om det du ikkje visste om Sverres skriftlege sideprosjekt. Som alltid på biblioteket, er det fri inngang, og denne gongen takka vera arrangementstøtte frå «Den kulturelle spaserstokken» i Møre og Romsdal fylke.


Trim på Frivilligsentralen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 7. november 2023

Trimgruppa i Surnadal Pensjonistlag inviterer torsdag 9. november klokka 10:00 til ny innetrimøkt på Frivilligsentralen på Skei. Denne trimsesongen har pensjonistlaget fått med seg fysioterapeut Emil til å leie trimmen.