Influensa- og koronavaksinering 2024/25
Surnadal kommune informerte no i ettermiddag om at det blir drop-in vaksinering mot influensa og korona på Surnadal kulturhus i år. Her er informasjon om tidspunkt og gjennomføring av vaksineringa denne hausten.
Influensa- og koronavaksinering går føre seg i Svorkasalen på Surnadal kulturhus i perioden måndag 21. oktober til og med torsdag 24. oktober. Du kan få båe vaksinene samtidig. Ein blir spurt om dette når ein kjem til vaksinering.