Inviterer til avslutningskveld
Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) inviterer alle som har delteke på Jakt- og Fiskeskulen i 2024 til ein avslutningskveld på klubbhuset sitt på Nordsida 198, onsdag 4. desember klokka 18:00 – 20:00.
Vi fann 3667 artiklar i dette arkivet.
Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) inviterer alle som har delteke på Jakt- og Fiskeskulen i 2024 til ein avslutningskveld på klubbhuset sitt på Nordsida 198, onsdag 4. desember klokka 18:00 – 20:00.
Fredag 29. november frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det er ein knapp månad til jul, og hos Lia gard går kokinga av smultringar for fullt, så allereie på fredag er det mogleg å få kjøpt smultringar til jul.
Surnadal formannskap vedtok i sitt møte 21. november Økonomi- og handlingsplan for Surnadal kommune for perioden 2025 – 2028. Plana er no lagt ut på høyring, og høyringsfristen er sett til måndag 9. desember klokka 12:00.
Seniorfilmklubben viser filmen Stalins død onsdag 27. november klokka 13:00. Folmen handlar sjølvsagt om Josef Stalin – men mest om dei han delte makta med. Så dette er ikkje noko å flire av – eller rettare sagt, det er akkurat det det er!
Stangvik Grendalag inviterer til sin årlege basar i Bondehuset laurdag 30. november klokka 16:00. – Vi kan garantere smakfull kaffe, gode kaker og anna deilig mat, heiter det i invitasjonen frå grendalaget.
Onsdag inviterte Surnadal Pensjonistlag medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Responsen var som vanleg god, så det var rundt femti medlemmar og fullt hus!
Laurdag 23. november blir det sal av lodd for TIL-trimgruppas adventkalender på Matkroken Todalen – frå kl 10 og utover dagen. Det er enno tid for å kjøpe lodd, og det kan du aller enklaste gjera direkte via Vipps nr 523022 – og du kan gjerne kjøpe i fleire omgangar for å få fleire vinnarsjansar.
Onsdag 27. november klokka 18:00 inviterer Stangvik historielag ved Erling Myrbostad og Torbjørn Polden til historisk temakveld på Åsen bygdemuseum. Temaet denne gongen er glimt frå Åsen og området ikring.
Ingen tvil om anna enn att det er det første snøen som er glattast. Det var regelrett uføre frå Todalskrysset og innover til Nordvik, med såpeglatt sørpeføre og blaut nysnø. Ikkje meindre enn to bilar hamna utfor veten på denne strekninga i løpet av ein times tid no i ettermiddag. Eit stort oppbud med redningsmannskap, brannvesen og politi var på staden for å hjelpe til med redning.
Det er mørke filmar som dominerer på Surnadal kino akkurat no, men snart er det heldig vis jul og lysare tider! I filmklubben onsdag 20. november klokka 12:30 er Morgan Freeman og Brad Pitt på jakt etter ein seriemordar i I filmen Seven (eller Se7en), som den også blir nemnt som. Dei finn ikkje noko motiv med ein gong, men forstår ganske kjapt at drapsmannen blir motivert av gamle skrifter.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 20. november klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
I løpet av helga har fleire observert ein kvit båt med påhengsmotor drivande utover fjorden. Båten er no fortøyd ved Vorpneset utanfor Ansneset. Om nokon saknar båten, eller veit kven som eig han, så er han akkurat no fortøyd ved Vorpneset, og kan hentast der.