Fin Innerdalstur «twenty years after»
Todalsven og Nordvikgardingen Odd Arild har sendt oss ein liten turrapport. Han og svogeren Stein gjekk torsdag turen frå Innerdalsmerket via Bjøråskaret over til Innerdalen og ned til Nedalen.
Vi fann 3511 artiklar i dette arkivet.
Todalsven og Nordvikgardingen Odd Arild har sendt oss ein liten turrapport. Han og svogeren Stein gjekk torsdag turen frå Innerdalsmerket via Bjøråskaret over til Innerdalen og ned til Nedalen.
Vi har fått eit reisebrev frå Team Karen Johanne Talgø og Kjell Gunnar Polden som har køyrt Aursjøvegen. Det vart ein kortreist, vill og vakker tur. Reisebrevet kan du lese nedanfor:
I går kveld opna Stangvikfestivalen med fullsett opningskonsert med Trygve Brøske, Marianne Meløy og fleire på Bøfjorden sjøbruksmuseum i Bøfjorden. I kveld er det Operakveld i Todalen ungdomshus klokka 19:00 (dørene opnar klokka 18:00). Etterpå er det Halvliter og Kjellarmusikk på Bryå ved Bondehuset i Stangvik klokka 21:30.
Torsdag, fredag og laurdag inviterer Lia gard til sommarope bakeriutsal. Torsdag 25. juli er utsalet ope klokka 12:00 – 16:00, fredag 26. klokka 11:00 – 16:00 og laurdag 27. klokka 11:00 – 15:00. Så har ein lyst på noko godt til kaffen no i sommar, så er det berre å ta turen til Lia gard!
Stangvikfestivalen blir arrangert kvart partalsår. Årets festival blir arrangert frå onsdag 24. juli til og med søndag 28. juli. Bondehuset i Stangvik er hovudbasen for Stangvikfestivalen, men både Bøfjorden og Todalen får besøk av festivalartistane. Kunstnarisk leiar Sigrid Vetleseter Bøe og styret i Stangvikfestivalen har også i år fått laga eit velfylt og variert program med høg kvalitet.
Todalshytta inviterer alle som har lyst på god mat til eke thaiaften fredag 19. juli. Det blir servering fra kl 17:00 og utover. Thaibuffet med mange smakfulle retter – spis så mye du vil til fast pris 349.-. Fra kl. 19 blir det underholdning med levende musikk. Kom og nyt god mat og drikke, oppfordrer Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. Alle er velkomne! Vi tar gjerne mot påmelding på telefon/SMS 929 97 550.
Det langvariege finvêret vi hadde i mai sette fart på modninga av hagebæra i våre hagar. Dei siste dagane har både hagebringebæra og villbringebære kome for fullt, og er no klare for innhausting.
Aron Rodal Haugen, som representerer Trollheimen Fjellsportklubb, deltok laurdag i NM i motbakkeløp i Ulvik. I Kvasshovden Opp stilte Aron i klasse 16-17 år, og her vann han suverent med 7:49 framfor Emil Brattebø på andreplassen. Men ikkje nok med det, Aron hadde også betre tid enn vinnarane i klasse M 18-19 og klasse M 20-22, og dermed vart det NM-gull i klassen U-20 for 17-år gamle Aron.
Denne helga er det Bøfjordhelg – den starta alt fredag kveld med fotballkomp på Leikarvollen og Quiz i Grendahuset. Det er ikkje første gongen at det arrangerast Bøfjordhelg, men det er første gong at inntekta går til nærbutikken. Nyleg reopna Bøfjord samvirkelag sin butikk på Bølandet som den første døgnopne hybridbutikken i kommunen. Inntekta frå Bøfjordhelga 2024 går til digitaliseringa av butikken som er ei satsing på framtida for folket i Bøfjorden.
Lars Stensby bruker å ta en lang motorsykkeltur sommers tid – intet unntak i år, og for et par uker siden så fylte han opp BMW’n med prima drivstoff fra HalsOil og dro iveg. Sammen med noen kamerater dro han blant annet til Gotland noen dager – bla videre ogs les om turen og opplevelsene….
Team Hegerberg arrangerte måndag til onsdag motivasjonscamp for unge fotballjenter på SpareBank 1 Nordmøre idrettspak i Ålvundfjord. Eit tjuetals jenter i alderen 13 – 14 år frå fem lokale klubbar deltok på motivasjonscampen.
Torsdag formiddag besøkte Liv Dalsegg og Arne Berset frå SpareBank 1 Nordmøre Stangvik. Og dei tok ikkje turen til Stangvik tomhendte! Med seg hadde dei nemleg ein sjekk pålydande kroner 48.850 til Stangvik Grendalag.