Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ukategorisert Arkiv

Vi fann 3532 artiklar i dette arkivet.


Inviterer til innbyggarhøyring om Trollheimen nasjonalpark

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. september 2024

Statsforvaltaren har bede Surnadal kommune avklare om det er lokal aksept for å gå vidare med ei utgreiing om å endre verneform og utvide verneområdet i Trollheimen. Surnadal kommune inviterer no innbyggarane sine til å gje skriftlege innspel innan 30. september.


Nikolai Søyset Hopland klar for spel i Nederlandsk toppklubb

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. september 2024

Nikolai Søyset Hopland, sonen til Anne Søyset frå Heimstad, har hatt ei fin og stigande kurve på fotballbanen. Noko som gjer at han frå 1. september i år og fram til juni neste år får sjansen til å spele fotball i Eresdivisie i Nederland.


Stavgangarane går Svinvikrunden torsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 3. september 2024

Torsdag 5. september klokka 11:00 inviterer Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny stavgangtur. På torsdag går stavgangarane Svinvikrunden.


Turisme skaper utfordringar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. september 2024

Odd Arild Sande, og dei andre bebuarane som har gått saman om felles søppeldunkar oppe ved vegen ved neddkøyringa til Slettneset på Nordvik, har dei siste sommarane opplevd at søppeldunkane deira blir bruka av turistar for å kvitte seg med søppel, noko som fører til overfylte dunkar og mykje rot rundt dunkane. 


Saknar du brillene dine?

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 2. september 2024

Etter gudstenesta i Todalen kyrkje i går føremiddag, vart det funne eit brillehus med briller som låg att i kyrkja. Er dette brillene dine, så får du dei att om du tek kontakt med betjeninga på Matkroken Todalen, da dei tek vare på brillehuset og brillene til eigaren melder seg!


Bli med Fjellgruppa til Skardfjellet

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. august 2024

Tysdag 3. september inviterer Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag til ny fjelltur. Tysdag går turen til Skardfjellet og det er oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje klokka 10:00 for samkøyring til Kvenndalen og opp til parkeringsplassen.


Kulturvandring i Ålvundfjord

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 31. august 2024

Torsdag 5. september 2024 klokka 18:00 inviterer Stangvik historielag, Sunndal Mållag og Sunndal kommune til kulturvandring i Ålvundfjord. 


Stavgangarane til Roparen

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. august 2024

Torsdag hadde Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag stavgang til Roparen. 27 spreke stavgangarar møtte opp i det verkeleg fine seinsommarvêret.


Ferien over for medlemmane i pensjonistlaget

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 29. august 2024

Det blir sagt at pensjonistar har ferie heile året, men dette stemmer nok ikkje, i alle fall ikkje for medlemmane i Surnadal Pensjonistlag, for her er aktivitetsnivået høgt. Onsdag var det medlemsmøte i lokala til Frivilligsentralen på Skei, og det var mange medlemmar som fann vegen dit!  


Driftsproblem stoppar Kvennaferga – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. august 2024

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna driftsproblem vert ruta innstilt inntil vidare, melder Fjord1 i ei melding til Todalen.no. Vidare blir det meldt at det blir utført en tur fra Rykkjem til Kvanne kl 21:15, etter det vil sambandet være innstilt inntil vidare grunna tekniske problem. Til slutt blir det normal drift i sambandet frå […]


Fjellgruppa tok turen til Ålvundeid og Valsetsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 28. august 2024

Tysdag tok Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag turen til Ålvundeidet og Valsetsetra. Hos grunneigar Asbjørn Valset fekk dei parkere ved garden, og dei fekk bruke Utistusetra med bord og benker til rasteplass.


Wigum ny dagleg leiar i Sparebankstiftelsen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 27. august 2024

I ei pressemelding no på tidleg ettermiddag, blir vi informert om at styret i Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank har tilsett Karina Wigum (53) som ny dagleg leiar i 30% stilling. Wigum tek til i stillinga 1. november, og tek sa over etter Kathrine Mauset som er tilsett og har teke til i stillinga som økonomidirektør i Alti Forvaltning.