Opdahl ny kommuneoverlege i Surnadal kommune
Før helga vart det kjent at Kirsten Vikan Opdahl frå 1. november blir ny kommuneoverlege i halv stilling i Surnadal kommune. Dette skjer gjennom eit samarbeid mellom Surnadal kommune og Rennebu kommune i Trøndelag, og inneber at Vikan Opdahl frå 1. november blir tilsett som kommuneoverlege i halv stilling i kvar av dei to samarbeidskommunane.