Lyst på sommarjobb i Svinviks arboret?
Nordmørsmusea og Svinviks arboret lyser no ut årets sesongstillingar i arboretet. Så har ein lyst til å arbeide i arboretet i sommar, eller kjenner ein kanskje nokon som har lyst til å jobbe i arboretet?
Vi fann 3667 artiklar i dette arkivet.
Nordmørsmusea og Svinviks arboret lyser no ut årets sesongstillingar i arboretet. Så har ein lyst til å arbeide i arboretet i sommar, eller kjenner ein kanskje nokon som har lyst til å jobbe i arboretet?
Fredag 14. mars frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard på nytt til ope bakeriutsalet. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til «helgakaffen».
«Tenkje sjøl?!», ja, det er namnet på årets russerevy i Surnadal, der Edel Therese M. Karlsen og Van Adrian Hadraque Ansnes representerer Todalen i årets russekull. Båe to er med på Scena under årets russerevy, som hadde premiere i Storstuå på Surnadal kulturhus torsdag kveld. Nordvikgardingen Synnøve Nordvik, saman med Ida Mo og Elida Sofie Fiske, utgjorde leiarteamet for årets russerevy.
Todalen.no kallar inn til årsmøte på Gammelfabrikken i Brusetmarka tysdag 15. april klokka 18:00. Vanlege årsmøtesaker, statistikkar, utdeling av «årets bilde» og enkel servering.
Laurdag 15. mars klokka 13:00 er det klart for årets podeverkstad i Svinviks arboret. Da vil museumsgartner Stefan Patrick Nilsen og Sven Olav Svinvik lære bort grunnleggande teknikkar for poding, og ei får pode sitt eige tre.
Sjølv om det foregår eit verdsmeisterskap på ski i Trondheim, så foregår det også anna sport i Trønderhovudstaden, som til dømes i Leangen ishall, der Ozo Melhus laurdag hadde invitert Surnadal Blades til kveldskamp i ishockey i ishallen. Knut Bergli har sendt oss ein liten rapport frå kampen i Leangen ishall laurdag kveld.
Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mars og april 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Merik at Remidt hentar plast-, glass- og metallemballasje laurdag 8. april, altså laurdagen før palmesøndag. Tømmekalender for mai og juni 2025 blir lagt ut i måadsskiftet april/mai.
I mange år har Hals Oil fått laga capsar for sal. I år er ikkje noko unntak, og «årets farge» er vinraud. Capsane er å få kjøpt for kroner 150,- på Matkroken Todalen, kan Mari Brusethaug Redalen fortelje.
På morgenkvisten i dag tikka det inn ei pressemelding frå Svorka. Her får vi informasjon om dei fem planlagde utbyggingsprosjekta av fibernettet i år. Tre av prosjekta er i Rindal kommune, medan dei to siste er i Surnadal kommune. Pressemeldinga kan du lese nedanfor:
Fredag 28. februar frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til fastelavensutsal i bakeriutsalet sitt. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffen i fastelaven, som er på søndag. Forresten har ski-VM i Trondheim også, så da kan det vere lurt å ha noko godt på lur for å feire eventuelle medaljer!
I helga fekk Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) vite at dei hadde fått ei pengegåve på 10.000 kroner. Det var John Sogge, som på vegne av Surnadal Kjemiske arbeiderforening kunne informere om dette i helga.
Kyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 26. februar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til «felles middag» på kyrkjelydshuset på Skei. På onsdag blir det servert kjøttkaker med poteter, brun saus og ertestuing.