Manuell dirigering i Svinviktunnelen natt til torsdag
Statens vegvesen melder at det vil vere manuell dirigering og kolonnekøyring med ledebil gjennom Svinviktunnelen frå onsdag 27. november klokka 22:00 til torsdag 28. november klokka 06:00.
Vi fann 3575 artiklar i dette arkivet.
Statens vegvesen melder at det vil vere manuell dirigering og kolonnekøyring med ledebil gjennom Svinviktunnelen frå onsdag 27. november klokka 22:00 til torsdag 28. november klokka 06:00.
Torsdag ettermiddag kjem Emil Ansnes og damene på Matkroken Todalenen for å selge årets alpinkalendrar. Inntekta går til Surnadal I.L. Alpin, og til drifta av alpingruppa. Det er nye gevinstar attafor kvar kalenderluke, og er du heldig så blir du ein vinnar. Salget går føre seg på Matkroken Todalen komande torsdag frå kl 16.30 til […]
Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) inviterer alle som har delteke på Jakt- og Fiskeskulen i 2024 til ein avslutningskveld på klubbhuset sitt på Nordsida 198, onsdag 4. desember klokka 18:00 – 20:00.
Fredag 29. november frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard til ope bakeriutsal. Det er ein knapp månad til jul, og hos Lia gard går kokinga av smultringar for fullt, så allereie på fredag er det mogleg å få kjøpt smultringar til jul.
Surnadal formannskap vedtok i sitt møte 21. november Økonomi- og handlingsplan for Surnadal kommune for perioden 2025 – 2028. Plana er no lagt ut på høyring, og høyringsfristen er sett til måndag 9. desember klokka 12:00.
Seniorfilmklubben viser filmen Stalins død onsdag 27. november klokka 13:00. Folmen handlar sjølvsagt om Josef Stalin – men mest om dei han delte makta med. Så dette er ikkje noko å flire av – eller rettare sagt, det er akkurat det det er!
Stangvik Grendalag inviterer til sin årlege basar i Bondehuset laurdag 30. november klokka 16:00. – Vi kan garantere smakfull kaffe, gode kaker og anna deilig mat, heiter det i invitasjonen frå grendalaget.
Onsdag inviterte Surnadal Pensjonistlag medlemsmøte i lokala til Surnadal frivilligsentral i Fiskegården på Skei. Responsen var som vanleg god, så det var rundt femti medlemmar og fullt hus!
Laurdag 23. november blir det sal av lodd for TIL-trimgruppas adventkalender på Matkroken Todalen – frå kl 10 og utover dagen. Det er enno tid for å kjøpe lodd, og det kan du aller enklaste gjera direkte via Vipps nr 523022 – og du kan gjerne kjøpe i fleire omgangar for å få fleire vinnarsjansar.
Onsdag 27. november klokka 18:00 inviterer Stangvik historielag ved Erling Myrbostad og Torbjørn Polden til historisk temakveld på Åsen bygdemuseum. Temaet denne gongen er glimt frå Åsen og området ikring.
Ingen tvil om anna enn att det er det første snøen som er glattast. Det var regelrett uføre frå Todalskrysset og innover til Nordvik, med såpeglatt sørpeføre og blaut nysnø. Ikkje meindre enn to bilar hamna utfor veten på denne strekninga i løpet av ein times tid no i ettermiddag. Eit stort oppbud med redningsmannskap, brannvesen og politi var på staden for å hjelpe til med redning.
Det er mørke filmar som dominerer på Surnadal kino akkurat no, men snart er det heldig vis jul og lysare tider! I filmklubben onsdag 20. november klokka 12:30 er Morgan Freeman og Brad Pitt på jakt etter ein seriemordar i I filmen Seven (eller Se7en), som den også blir nemnt som. Dei finn ikkje noko motiv med ein gong, men forstår ganske kjapt at drapsmannen blir motivert av gamle skrifter.