Bli med Fjellgruppa til Mellingfjellet
Tysdag 20. mai inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet i Surnadal medlemmer og andre interesserte til fjelltur, der målet denne gongen er Mellingfjellet.
Vi fann 3666 artiklar i dette arkivet.
Tysdag 20. mai inviterer Fjellgruppa i Pensjonistforbundet i Surnadal medlemmer og andre interesserte til fjelltur, der målet denne gongen er Mellingfjellet.
Bårdshaugen barnehage har i mange år, den siste kvardagen før nasjonaldagen, trena på å gå i 17. maitog. Ruta dei går er frå Bårdshaugen barnehage, innom sjukeheimen, for å vise seg fram for bebuarane og dei tilsette der, før toget går til SpareBank 1 sine lokaler på Skei, før toget går attende til Bårdshaugen barnehage
Da Surnadal Sparebank, no SpareBank 1 Nordmøre, bygde nytt hovudkontor og flytta inn der i 2010, vart alle barnehagane i Surnadal kommune inviterte til banken for å pynte dei store vindauga til 17. mai-feiringa. Dette vart starten på ein årleg tradisjon, der alle barnehagane siste veka før 17. mai blir invitert til banken for å pynte til 17. mai.
Nicole Nordvik og dei andre jentene på Surnadal J 17 2 lag tok onsdag kveld turen til Molde for å spele seriekamp mot Træff 1. Det vart ein målrik kamp i rosenes by og Nicole scora hattrick, og sikra dermed seier for Surnadal J 17 2.
Tysdag tok Fjellgruppa i Pensjonistforbudet Surnadal turen til Fløystadfjellet i Tingvoll kommune fortel Lars Gudmund Røen i ein epost til redaksjonen.
Sommaren nærmar seg med stormskritt, og Atleta tilbyr frå 14. mai til 1. august, der ein kan kjøpe tilgang for 1, 2 eller 3 månader. Les meir om sommartrening på Atleta nedanfor:
Vi har i ettrmiddag vore i kontakt med Telia sitt kundesenter, for å høyrer når ein kan forvente at mobilnettet til Telia i Todalen er operativt igjen. Telia kunne fortelje at nettet vil vere operativt att frå fredag 16. mai klokka 11:00. Om dette stemmer, ellerr berre er eit nytt estimat attstår å sjå, men ein får leve i håpet!
Under Vårsøghelga, inviterer Vårsøghelga, SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening konferansen «Saman for Surnadal, Med hjarte for bygda» fredag 23. mai klokka 12:30 – 15:00 i lokalene til SpareBank 1 Nordmøre på Skei.
Telia-nettet i Todalen er nede melder Telia. Det er feil på 5G, RG og 2G sendarane i Todalen, noko som inneber at det ikkje er mobildekning. Telia kan ikkje seie eksakt når feilen er retta, men estimatet akkurat no er innan klokka 21:30 i kveld.
Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterte til sesongopning med tur til nabokommunen Rindal og anlegget rundt Igltjønna. Tjueto spreke medlemmer møtte opp og vart med på seesongens første tur.
Fredag 9. mai, frå klokka 12:00 – 17:00, er det ope bakeriutsal hos Lia gard. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til kaffekosen til helga.
Søndag var det klart for nok ein dugnad på Todalen Idrettslag sitt idrettsanlegg på Bordholmen stadion. Idag var det modifisering av nærmiljøanlegget og klipping av fotballbanen som stod på programmet. Ti personar møtte opp denne gongen også, og på rundt tre timar var alt planlagt arbeid unnagjort!