Triveleg på Fredrikkekaffe
Sjølv om det var fint ver og sol ute, var det godt oppmøte på årets andre strikkekaffe. «Triveleg å treffast,» vart det sagt rundt borda.
Vi fann 907 artiklar i dette arkivet.
Sjølv om det var fint ver og sol ute, var det godt oppmøte på årets andre strikkekaffe. «Triveleg å treffast,» vart det sagt rundt borda.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 8. februar i tidsrommet kl. 13.00 – 16.00.
Sanitetsforeninga heldt årsmøte i Todalen sanitetshus tysdag 4. februar; eit 20-tals medlemmer var møtt fram til eit aktivt og godt årsmøte. Årsmelding og rekneskap syner at det er stor aktivitet i foreininga.
Todalen sanitetsforening minner om at dei held årsmøte i Sanitetshuset tysdag 4. februar kl. 18.30.
Nesten 50 kvinner i alle aldrar frå fleire plassar i kommunen tok turen til Todalen sanitetsforening sin Kvinnehelsekveld måndag kveld. Her vart det blant anna servert eit interessant foredrag av lege og forfattar Kari Løvendahl Mogstad. Kari er opprinneleg surnadaling, sanitetskvinne og utruleg engasjert i kvinnehelse. Da særskilt den som omhandler svangerskap og barsel.
Oppdatering: Sanitetsforeninga minner om Kvinnhelsekvelden 27. januar kl. 19.00. NB! Da det er servering av varm mat, taco, er det ønskeleg med påmelding i god tid, altså i løpet av torsdag 23. januar!
Tlf.: Maren 906 86 907 eller: maren@pestua-gard.no
Todalen sanitetsforening inviterer til foredrag om kvinnehelse i Todalen ungdomshus måndag 27. januar kl. 19.00. Dette er eit viktig og aktuelt tema, og foredragshaldar er fastlege Kari Løvendahl Mogstad. Ho er spesialist i allmennmedisin, idrettslege og underviser legestudentar ved NTNU. Ho er samfunnsengasjert og ein populær og dyktig foredragshaldar.
Todalen sanitetsforening inviterer til årets første strikkekaffe i Sanitetshuset førstkomande laurdag, 18. januar kl. 1300 – 16.00. Alle er velkomne!
Todalen sanitetsforening er klar for nytt arbeidsår – det blir medlemsmøte tysdag 7. januar kl. 18.30 i Sanitetshuset. Medlemer og andre interesserte er hjarteleg velkomne! Alle, både i Todalen og i nabobygdene, kan møte opp for å bli kjent med sanitetsforeninga og arbeidet i organisasjonen.
Drivas lesarar kåra Elinor Bolme til «Årets Drivanavn i 2019». Elinor var nominert for sitt store engasjement for organisasjonen Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Der er ho fylkesleiar på 6. året, og røper at ho truleg takkar ja til gjenvalg når tida kjem, skriv Driva når dei presenterer Elinor på sine nettider.
Todalen sanitetsforening har ein lang og god tradisjon i å gi eldre i bygda ei blomsterhelsing før jul. «Vi ønsker å glede velvaksne todalingar i adventstida», seier Maren Ansnes som er leiar i foreininga.
Det blir fotpleie i Todalen sanitetshus før jul. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem onsdag 18. desember. Ho har ledige timar. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så snart som råd, det gjer arbeidet med timeoppsett og planlegging enklare.
Todalen sanitetsforening inviterte eldre sambygdingar til middag i sanitetshuset tysdag 12. november; eit kjærkome tilbod for mange! Det er godt å samlast til felles måltid og prat.