Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trivelege Kløverturar på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. november 2020

Dei to første Kløverturane i november har vore lagt til Nordvik; her er det fine turområde og mange vegar og stiar ein kan gå gode turar etter. I tillegg er det solvendt, så haust og vår er det ekstra kjekt å gå tur på Nordvik.

Fin tur i godt ver! Mange fine skogsvegar i Nordvikliene. Foto: Dordi J H

Måndag 2. november var det tur frå Brandhaugen og oppover i retning Snytå. Litt bratt; men det gjer godt. Og oppe i lia var det fin utsikt både utover fjorden og mot Storsulå og Litjsulå. Litjsulå er det lokale namnet på Indre Sulå;  og er altså er 7 meter høgare enn Storsulå/Ytre Sulå. Men frå liene på Nordvik ser det faktisk slik ut at den minste er den høgaste! Denne dagen var det noko ekkel landvind, så det vart ikkje kaffipause før turfølget kom ned til bilane att.

Oppå Brandhaugen. Frå venstre: Ingrid, Jean, Dordi F, Jorunn, Arndis, Dordi V H, Helga, Synnøve G, Nils, Sigrun, Helen, Synnøve T. Ved bordet: Dordi Jorunn og Åse Johanne. Foto: Marit S S

Sulene, inst ser vi Litjsulå. Foto: Dordi J H

Måndag 9. oktober gjekk turen frå Rabbleet og utover til Haltbakkan. Litt grått ver, men stilt og opphalde. Riktig fin turrute. Her er det mangt sjå, så det er kjekt å ha med lokalkjende. Det kjem stadig opp nye hus og hytter på Nordvik. Fint å kome ned til fjorden, også.

På tur utover mot Haltbakkan. Foto: Dordi J H

Ute i Haltbakkan møtte vi 4-beinte turgåarar. Foto: Dordi J H

Oppmøtet på Nodvikturane har vore riktig bra. Det er triveleg å kunne gå tur i lag og prate om laust og fast. Det er viktig å kunne ha litt felles aktivitet om det er pandemi.

Måndag om ei veke er det plana å gå etter skogsvegen frå Talgø til Svabu, på vestsida av Toåa.

Stille «hav» ute i Haltbakkan i dag. Foto: Dordi J H

Tillitsfulle geiter. Foto: Dordi J H

Publisert: 9. november 2020, 21:18