Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Idrettslag Arkiv

Vi fann 1808 artiklar i dette arkivet.


Fotballglede på topp

Elinor Bolme Måndag 19. juni 2017

I går deltok knøttelaget til Todalen IL på sin aller første cup denne sesongen. Turen gjekk til Surnadal, AMFI Park og SILregncup i regi av Surnadal IL. Silregnet held seg på betryggande avstand, så det vart ei fin oppleving på kunstgrasbanen på Syltøran. Nokon for aller første gong, medan fleire av dei hadde årevis med erfaring.


Temakveld: Nils Erik Ulset og Ingrid K. hagen «letta på sløret»..

Jon Olav Ørsal Fredag 16. juni 2017

Kvardagsaktivitetar var tema for Ingrid Kvendset Hagens foredrag på TILs temakveld i Ungdomshuset. Ho sette fokus på korsleis du sjølv kan påverke helsa di gjennom å være fysisk aktiv – og korleis dette gir målbare resultat.  Det andre foredraget var det Nils Erik Ulset som stod for – han fortalte om sitt «liv og virke» som idrettsutøvar og korleis dette har påvirka livet hans. Nils Erik er ein dyktig foredragshaldar som gav mykje av seg sjølv for å få til eit interessant foredrag og ei interessant historie om korleis hans handikap påvirka aktivitetane og korleis han takla det og kunne dra nytte av det.


Storveges svær dugnad

Dordi Jorunn Halle Tysdag 13. juni 2017

Tysdag kveld inviterte John Moe til vaskardugnad i Todalen Ungdomshus. Ungdomshuset trong no ein skikkeleg rundvask, og husformannen var spent om han fekk noko hjelp.


Temakveld med Nils-Erik Ulset og Ingrid Kvendset Hagen

Jon Olav Ørsal Måndag 12. juni 2017

“Hverdagsaktivitet” er tema for Ingrid Kvendset Hagens foredrag og “Fra lek til toppidrett med handicap – hvilke muligheter det har gitt meg” vil Nils-Erik Ulset fortelje om. Det er eigenleg heilt unikt at Todalen Idrettslag får dei to, som er eit par, til å kome til Todalen for å ta del i idrettslagets temakveld.  Det skjer i Todalen ungdomshus torsdag 15. juni kl 19.


På besøk til Stor-Johannes i Årlia

Jon Olav Ørsal Sundag 11. juni 2017

Stor-Johannes er rett og slett ei stor furu som voks opp i Årlia ved Merkesvaet ein plass mellom Talgø gard og Kårvatn. Vi starta turen frå Talgø gard med grunneigar Anita Talgø som guide og vegvisar, og turen gikk over brua og innover skogsvegen på nordsida av dalen. 16 historieinteresserte deltok på turen, som gikk innover heile lia og heilt til bytes med Kårvatn-eigedomen.


Ræta Opp – Du treng ikkje å legge deg i trening for å bli med

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. juni 2017

Kom som du er, og bli med på Ræta Opp.  Laurdag 1. juli går mosjonsløpet Ræta opp av stabelen på Bordholmen. Poenget er ikkje å vinne, men å delta, seier Knut Bergli og Ingvild Kårvatn. Dei to er henholdsvis stemnegeneral og sjef for mosjonsløpet Ræta Opp.  Stort er det egentleg at Todalen I.L. donerer heile startkontingenten til Treffpunkt Surnadal. Dei driv i regi av kreftforeninga og jobbar med born og unge i alderen 6-16 som er ramma av alvorleg sjukdom i heimen – eller hos pårørande.


Bordholmen: Lagseriestemne kvar tysdagskveld

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. juni 2017

Lagseriestemna i friidrett er komne godt i gang – no blir det lagseriestemne for store og små kvar tysdag fram til ferien. Det er start kl 18.00 og dersom du vil kan du prøve på idrettsmerket på slike kveldar.


Vakthald Laksefestival

Elinor Bolme Sundag 4. juni 2017

Todalen IL har også i år teke på seg vakthald og billettsalg under fredagens arrangement på Norsk Laksefestival. I den anledning er leiar Steinar Frøystad på utkikk etter frivillige som kan være med å bidra til kjerkomne kroner i klubbkassa. Dei treng totalt ca 28 stk, fordelt på vakter og bilettsalg fra ca 19.30 – 02.00.


Kveldstrim til Gammelsetra

Dordi Jorunn Halle Tysdag 30. mai 2017

Tysdag kveld inviterte trimgruppa i Todalen idrettslag til trimtur opp til Gammelsetra ytst i Kvennsetdalen. Sjølv om det var litt grått og surt ver, var det godt oppmøte med i alt tretten trimmarar.


Blide tross tap

Elinor Bolme Tysdag 23. mai 2017

Måndag kveld møttes Søya/Todalen og Surnadal i klassen G10 til kamp på Bordholmen. Her var det full gass frå start til slutt, og det vart ein målrik kamp. Surnadalsgutane vart hakket for sterke og vann med god margin. Gutane og dei to jentene på Søya/Todalen hadde likevel fleire fine sjansar etter gode gjennomspel.


Første fellestrimmen gikk til Nauståfossen

Jon Olav Ørsal Måndag 22. mai 2017

Måndag kveld var det start på sesongen for trimgruppas fellesturer. Årets første fellestur gikk til Nauståfossen men surt og kaldt vêr gjorde at deltakartalet var forholdsvis beskjedent – 6 deltakarar vart med på turen


Nytt lokalderby i morgon

Elinor Bolme Sundag 21. mai 2017

I morgon er det nok ein fotballkamp på Bordholmen. Da er det gutane på Søya/Todalen i klassen 10 år som møter Surnadal til dyst. Det blir åpen kiosk med salg av bakels og graut. Kampstart klokka 18.