Perfekte forhold på skeiseisen
Knut Bergli i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan melde om perfekte forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion no. Det kalde vêret dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is att.
Vi fann 1815 artiklar i dette arkivet.
Knut Bergli i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag kan melde om perfekte forhold på skeiseisen på Bordholmen stadion no. Det kalde vêret dei siste dagane har gjort at det har vore mogleg å lage is att.
Da er vi klare til å røpe kva som skjuler seg attafor luke nummer 11. Denne gongen er det også to gevinstar – den eine gevinsten er ein flott trebolle, som det står Bente Mogstad på og dermed så havnar den i Surnadal. Den andre gevinsten er ein flott gryteklut som nok hamna på Kvennset…. […]
Det er stigande spenning i adventlotteriet, for attafor luke nr 10 fann vi to gevinstar – den eine gevinsten er også eit produkt som kjem rett frå naturen, nemleg eit flott hjortsteik. Dette blir nok prima vare for den heldig vinnaren som er Elisabet Aas. Dagens andre vinnar får nye og heimlaga kjøkkenreiskap – laga i einer.
Driftsleiar for vinteranlegg i Todalen Idrettslag, Ståle Ansnes, kan melde om nyoppkøyrde løyper i lysløypa på Tjønnmyra. Det er ganske fine forhold for å gå på ski, men det er litt løst i traseen foreløpig.
Attafor luke nr 9 fann vi eit reit naturprodukt – nemleg ein pose med 2 kg tyttebær som Marit Sanden Søyset eigenhendig har plukka. Den heldig vinnaren er Ivar Bolme som no har prima råstoff for å lage trollkrem – eller røra tyttebær til elgsteika? Fredag den 9 var det også to gevinstar – den […]
2 spennande gevinster attafor luke nr 8 som sjølvsagt er trekt ut på den 8. desember. Den første premien er Todalen historielags årsskrift for 2022, som saman med Seterbok for Todalen utgjør første gevinst – heldig vinnar er Gudmund Kårvatn. Gevinst nr 2 på denne dagen er eit puzzlespell i 1000 bitar, med motiv frå […]
I morgon kveld er det Adventskveld på Todalen og Stangvik oppvekstsenter på Evenshaugen. Difor blir Balleiken i gymsalen ved Todalen skule avlyst torsdag 8. desember. Det opplyser leiar i Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, Oda Halle.
Bak luke 6 er også 2 gevinstar, og vi held oss framleis til heimestrikka handver – eit par strikkavottar og ei strikka lue i ull. Den heldige vinnaren av dei flotte strikkavottane er Svein Håvard Brøndbo. Medan den flotte lua i heimestrikka ull…. Her vart det Magne og Arndis Søyset som vart vinnarar. Begge gevinstane […]
Bak luke 6 var det jammen 2 gevinstar i dag også – den eine gevinsten var eit flott par varme ullsokkar som vart vunne av Ingrid og Dan Roger Pedersen. Dette var nok ein gevinst som er rett i tida, ettersom vinteren no kryp innpå oss. Den andre gevinsten derimot …
Trekninga for måndag 5. desember er klar – det er 2 gevinstar som ligg bak luke nr 5 – Ein flott brødboks full av havrekjeks med Andreas og Tore Talgø som vinnarar. Havrekjeksene er sjølvsagt heimebaks av beste sort! Den andre gevinsten er kjøkkenreiskap som er laga i tre – Her er det Nestua på […]
Jammen var det eit par ullestar som var gevinsten under luke nr 3 i Adventlotteriet. Vinnar denne gongen dro vi kjapt kjensel på, da det stod Skogly på vinnarlodden, og da blir det nok størrelsen som kjem til å avgjera om det blir underteikna eller om det blir Berit som blir den heldige brukar.
I dag kom det ny forsyning med bøker til «minibiblioteket» i gapahuken i Båthølen. Det er Ragnhild A. Moe som har teke på seg å vere bibliotekar i «minibiblioteket». Biblioteket har vorte eit populært tilbod for mange dei som går seg tur i Toåa tursti. Det er også mogleg å låne med seg bøker heim frå «minibiblioteket».