Seier i første seriekamp
Da er fotballsesongen på det lokale plan i gang, og Søya/Todalen sitt 6. divisjonslag starta allerede med sin første seriekamp sist søndag. Laget spela da mot Frei, og vann heile 5-3.
Les heile sakaVi fann 1786 artiklar i dette arkivet.
Da er fotballsesongen på det lokale plan i gang, og Søya/Todalen sitt 6. divisjonslag starta allerede med sin første seriekamp sist søndag. Laget spela da mot Frei, og vann heile 5-3.
Les heile sakaA-laget til Søya/Todalen er godt i rute foran sesongstarten på Bordholmen 2. mai. Søndag hadde dei treningskamp mot eit ambisiøst juniorlag fra Sokndal på Amfi Park i Surnadal. Søya/Todalen vant komfortabelt 5-1 i en kamp der dei fekk vist at troppen er brei og nivået er høgt. Dette laget vil garantert ta mange poeng i 6.
Les heile sakaVêrgudane har vist seg frå sitt beste heile påska så langt, og langfredag var slett ikkje noko unntak. Dermed var det klart for den tradisjonsrike Kjerringdilten i regi av Todalen I.L’s hyttekomite og trimgruppa i fellesskap. Sol frå klår og blå himmel og drømmeføre lokka mange todalingar og utabygdes til fjells denne dagen. Arrangementskomiteen sto klar og delte ut startnummer etter kvart som folk dukka opp, og rennsjef Ivar Helge Kvendset håpa på å få delt ut alle 100 startnumra! Startskotet for kjerringdilten gikk, og det var 55 stk som bar startnummer på brystkassen. Det var nok atskillig fleire som hadde teke turen til Skihytta, men ikkje stilte til start på Kjerringsdilten.
Les heile sakaPer E. Gjeldnes som er hovudentreprenør for den nye lysløypa på Tjønnmyra, er snart ferdig med 1. fase av anleggsarbeidet. Det har i vinter vore gode arbeidstilhøve på anlegget, og det meste av masseflyttinga er unnagjort. Det er enno solid tele i marka, og no må det heile få tine, slik at ein kan sjå kvar det er behov for å fylle på meir masse. Det er også naudsynt at mykje av massen som er flytta får tine før ein får gjort jobben med opprydding og finpuss. Deretter blir det mykje dugnadsarbeid med reising av pålar og montering av lysanlegget før det kan takast i bruk til neste skisesong.
Les heile sakaVi veit ikkje om den er i ekte sølv, men den nye vandrepokalen får i alle fall premiere under årets Kjerringdilt, som blir arrangert på Skihytta langfredag. Vêrmeldinga for langfredag byr i skrivande stund på sol frå blå himmel, og alt ligg til rette for eit vellyukka arrangement. Trimsjef Ivar Helge Kvendset har ordna seg med 100 startnummer, men med både ny vandrepokal og kjempefint påskevêr bør han kanskje utvide serien med startnummer?
Les heile sakaPå årsmøtet til Todalen I.L. sist torsdag, vart Karin Helen Halle valgt til ny ledar. Ho tek over ledar klubba etter Kari Kvendset som no takkar av etter sin andre periode som ledar. Eit 20-tals medlemar var tilstades på årsmøtet i Todalen ungdomshus. Todalen idrettslag har rundt 210 medlemar, og det vil seie at 2 av 3 todalingar er medlem i laget.
Les heile sakaDet gamle postkontoret kjemt til heder og verdighet igjen. Ein gjeng ungdomar er i full gang med oppussing av lokala for å lage treningsstudio, og dei satsar på å ha alt klart til ferien, eller der omkring. Arbeidet skjer i regi av Todalen idrettslag, og det er Knut Jarle Bergli som er styret mann i dette prosjektet. I tillegg til det gamle postkontoret skal garasjen på baksida bli ein del av det nye treningsstudioet som blir på mellom 50 og 60 m2.
Les heile sakaLangfredag er det bare å sette av til skiaktivitetar på Skihytta på Ørsalfjellet. Da arrangerast Kjerringdilten, der det enno er muleg å sikre seg vandrepokalen som den gjevaste premien. Ivar helge Kvendset i TILs trimgruppe fortel at dei har rusta seg med 100 startnummer, og han håpar at det blir folk til å fylle alle. Kjerringdilten startar kl 13.00, og sjølvsagt blir det premiering.
Les heile sakaLitt spesialforpleining skal man ha, når man er 77 år og går Birkebeinerrennet i klasse M75. Johan kvendset hadde privat suppestasjon oppe i fjellet ved Lillehammer. Johan er nemleg heldig og har søstra Inger i desse traktene, og når ho og søster Anne Marit frå Trondheim stiller opp med familiar blir det litt ekstra service å få både for skirennarar og nettredaksjonar. Johan fikk nysila havregrynssuppe med søstra, medan vi fikk bilder frå seansen med Gisle Haugen.
Les heile sakaTodalen Idrettslag arrangerer årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 21. mars kl 19.00. No kan du laste ned komplett sakliste for årsmøtet her!
Mosjonsløpet «Ræta Opp» som første gong vart arrangert under todalsdagen 2012, og vart ein suksess med over hundre deltakarar. No er det på tide å teste forma til årets arrangement, for laurdag 29. juli får du sjangsen til å slå din eigen prestasjon frå i fjor. Løypa er den same som i fjor, med start på Bordholmen, og ein svipptur opp til toppen av Ræta. Så er det målgang på Bordholmen.
Les heile sakaJohan Kvendset er komen ut i sporet på sitt 23 Birkebeinerløp. Startskotet gikk kl 7.30, og han bruka 59,04 fram til det første passeringspunktet på Skramstad. Birkebeinerrennet går frå Rena til Lillehammer, og turen over fjellet er på 54 km. Johan går i klasse M75, der det er 62 deltakarar. Johan har startnr 820, og dersom du vil […]
Les heile saka