Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte
Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte torsdag 27. mars klokka 20:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og enkel servering.
Vi fann 116 artiklar i dette arkivet.
Todalen bøgdalag kallar inn til årsmøte torsdag 27. mars klokka 20:00 i Todalen ungdomshus. Vanlege årsmøtesaker og enkel servering.
Det var ikkje «Tjuandedags-Knut» sjølv da, men Todalen bøgdalag med gode hjelparar, som demonterte den tradisjonelle julegata si måndag kveld. Bøgdalaget si julegate, mellom Matkroken Todalen og Talgø, blir tent første søndag i advent og teken ned att rundt tjuandedag jul kvart år. Og årets demontering gjekk unna i rekordfart og var ferdig på rundt tre kvarter.
På årets siste dag, inviterte Todalen Idrettslag i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion, slik at dei yngste kunne få vere med på fyrverkeri utan å måtte vere oppe til midnatt.
Tysdag 31. desember (nyttårsaftan) klokka 18:00 inviterer Todalen Idrettslag, i samarbeid med Todalen bøgdalag til familiefyrverkeri på Bordholmen stadion.
Søndag 1. desember klokka 18:15 tenner Todalen bøgdalag si, etter kvart tradisjonsrike julegate mellom Matkroken Todalen og Talgø, Bøgdalaget inviterer store og små til å vere med på tenninga av julegata si!
Todalen bøgdalag minner om tysdagens ope møte om eventuell endring i vernestatus for Trollheimen landskapsverneområde klokka 19:30 i Todalen ungdomshus.
Todalen bøgdalag inviterer tysdag 1. oktober klokka 19:30 til ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen. Møtet blir i Todalen ungdomshus og Hugo Pedersen kjem og orienterer om korleis dagens landskapsverneområde fungerer, og kva ei eventuell endringar frå landskapsverneområde til nasjonalpark og eventuell utviding av verneområdet vil ha å seie for framtidig bruk av Trollheimen.
Todalen elveeigarlag og Todalen bøgdalag har starta arbeidet med å finne ny lokalisering for campingplass i Todalen.
Med blå himmel og sommartemperatur frå morgonen av var alt duka for ei vellukka feiring av nasjonaldagen her i Todalen. Programmet var på mange måtar tradisjonellt med biltog eller «skrommeltog» som det vart kalla før. Fortsettelsen var også tradisjonell med frukostservering i Todalen ungdomshus, men vidare vart det ein pause, før det vart gudsteneste i Todalen kyrkje kl 14, som siste post på programmet.
Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer, som tidlegare omtala til 17. maifeiring i Todalen. Det meste er tradisjonelt, der Nasjonaldagsfeiringa startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00, og påfølgande frokost og kaffe med kaker i Todalen ungdomshus klokka 11:00. Ei endring i år i høve til tidlegare år, er at det ikkje blir folketog etter kyrkja.
I kveld hadde Todalen bøgdalag inviterte til ryddedugnad for å rydde vegkantane til Nasjonaldagsfeiringa. Ti personar møtte opp for å vere med. Det vart delt opp fire ryddelag som rydda alle vegkantane på kvar si side, frå Bordholmen stadion og opp til gammelfabrikken i Brusetmarka, inkludert Pilskarvegen
Todalen bøgdalag inviterer måndag 13. mai klokka 18:00 til dugnad for å rydde langs vegkantane rundt Todalen. Oppmøte på Bordholmen stadion. Bøgdalaget stiller med søppelsekkar og eingongshanskar. Det trengs nokon som har bil med hengarfeste, da det skal brukast hengar.