Hagevandring i arboretet – fargerikt og fint
Siste onsdagen i mai inviterte Svinviks arboret til hagevandring i lunsjtida med Katarina Wedelsbäck som omvisar.
Vi fann 9145 artiklar i dette arkivet.
Siste onsdagen i mai inviterte Svinviks arboret til hagevandring i lunsjtida med Katarina Wedelsbäck som omvisar.
Frå i dag er det nok full trøkk med siloslåtten over heile bygda. Vi stakk innom i Pestua, der Todalen Mjølk har moblisert både mannskap og utstyr til full fokus på førsteslåtten. Den kalde vinteren med mykje is har nok sett sitt preg på slåttamarka med mykje isbrann. Det fine maivêret har også gjort sitt til at tørke har hemma veksten. Dette har ført til at vi opplever ei avling som er under normalen til førsteslåtten, seier Anders A. Karlsen hos Todalen Mjølk.
Det kjem kanskje litt overraskande på at laksesesongen både startar tidlegare og sluttar seinare enn det har gjort dei siste år – sesongen bli 4 veker lenger. Laksefisket startar 1. juni og sluttar 31. august – altså same tid som i Surna.
Men når det er sagt, så går vi nok inn i ein sesong som er sterkt prega av lovkrav og strenge reguleringar. – Det er nemleg mørke skyer i horisonten for villaksen, og vi får kanskje oppleve ein svært krevjande sesong.
Det er no over 120 år sia dei første «lakselordane» kom til Todalshytta første gong – hytta vart bygd i 1901, og tok nok imot dei første gjestane året etter. No er eng3elskmannene på veg inn igjen – i år er det engelske laksefiskarar som dominerer bookinglista, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta på 5. året. Dei første engelske laksefiskarane budde på hytta i fjor sommar, og dei likte det dem såg på Todalshytta og i Toåa. Dei fall for plassen, og har booka 80-90 % av kapasiteten på hytta i d3eler av sesongen. Mange argument talar for at dei skal trivast med å gå langs Toåa med fluestanga – det er fine hølar, ro og stillheit og passe stor elv for flugefiske.
Surnadal demensforening og helselag inviterer til HJARTEMARSJ måndag 3. juni kl. 18:00. Oppmøte og parkering ved Søyabanen, Kvanne.
For Knut er det viktigast å få til god stemning. I helga har han vore pizzakokk på Hageland – både laurdag og søndag har han baka pizza og delt ut folk både på veg inn og ut frå Hageland i Surnadal. Og Knut han fekk skryt for sine gode og nysteikte pizza, som kom rett frå sin vedfyrte steinomn.
Sol og varmt, grønt og frodig – mai har vore ein finversmånad.
Svinviks arboret inviterer omvisning i hagen onsdag 29. mai. Start kl. 12:00. Fagansvarleg Katarina Bladh er omvisar.
Edvard Fliflet Bræin og Alf Ramsøy var fødde i august og september i 1924, Bræin i Kristiansund og Alf i Todalen. Søndag 26. mai var det markering av 100-årsjubilantane på bygdemuseet på Åsen.
Laurdag arrangerte Todalen historielag ei historisk vandring i Svinvika, og i Svinviks arboret. Med Sven Olav Svinvik som dyktig guide, vart dette ein svært interessant dag for eit trettital interesserte og lydhøre deltakarar. Det er eit enormt historisk materiale som finnes på garden, og dette er teke godt vare på – både utstyr og hus. Sven Olav er sjølv veldig interessert i historia til garden og har samle ein enorm kunnskap om garden opg gardshistoria – i dag fekk vi nyte godt av dette.
På Hageland Surnadal vil dei denne helga feire at dei gikk til topps som beste butikk i Hageland-kjedens kundeundersøking. Heile 98,6 % av kundane i Surnadal anbefalte butikken, og dermed bar det rett til topps. Laurdag og søndag blir det difor feiring med pizza-party, der pizzaeksperten Knut Bergli fyrer opp pizzaovnen og serverer pizza til alle som kjem innom medan det er varme i ovnen.
Surnadal pensjonistlag var onsdag samla til medlemsmøte i kantina på sjukeheimen. Viktigaste posten på programmet var orientering om planarbeidet med nytt helsehus, og det var nok mange som trossa varmen for å høyre nytt om dette prosjektet. Leiar i pensjonistlaget Bitten Ranes ønska velkomen, og starta med allsong med «Alle fugler små de er» før Brage Einum slapp til med to kortreiste songar – den eine var laga saman med jaktlaget på Mogstadsetra, medan den andre handla om Vålåskarshelg frå Meldal. Både tekst og song fall i smak, og Brage fikk god applaus for songen sin.