Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9007 artiklar i dette arkivet.


Full score for Hageland Surnadal

Jon Olav Ørsal Sundag 5. mai 2024

Så langt i år har vi en anbefalingsgrad på 87,5%, og det er bra. Aller høyest ligg Hageland Surnadal med heile 98,6% – det er imponerande, seier kjededirektør i Hagelandkjeden Øyvind Krohn til Todalen.no.  


Kløvertur til Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Sundag 5. mai 2024

Todalen Sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 6. mai. Start frå Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Bli med på busstur til Smøla i sommar?

Jon Olav Ørsal Fredag 3. mai 2024

Todalen historielag har den siste tida jobba med planar for den tillyste sommarturen til Smøla.  Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga.  Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag  – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor:


«Snørtinn» kyrkjegard etter dugnadskvelden

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mai 2024

Godt over tretti deltakarar på dugnaden på Todalen kyrkjegard torsdag kveld.  Folk kosa seg med dugnadsarbeidet denne flotte vårkvelden, der gradstokken viste rundt 20 varmegrader. Od det vart da ein snørtinn og fin kyrkjegard som vi kan være stolte av å vise fram.


Vårsalet fortsett – full vår på Hageland

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mai 2024

Sommarvarmen er over oss, og det er no full vår innafor gjerdet på Hageland Surnadal.  Og sommarvêret ser ut til å fortsette også neste veke.  På Hageland og Byggmakker er dei i innspurtfasen på vårsalet, men dei kan enno by på mange gode tilbud.  Byggmakker Surnadal har ope til og med laurdag, medan Hageland også har ope søndag mellom12 og 17.


Stikk UT! Sommar er i gang!

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. mai 2024

Friluftsrådet inviterte til opningsfest for Stikk UT! sesongen 1. mai i Kavlvegen kultursti.


1. mai er både festdag og kampdag – oppdatert med trekningsliste

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. mai 2024

Den 1. mai vart behørig feira i Surnadal kulturhus onsdag ettermiddag – Denne dagen er både ein festdag og ein kampdag, sa Annett Ranes da ho ønska velkomen til feiring i kulturhusets foaje. Ho understreka at dette er ein dag som framleis har stor betydning, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.  Ikkje minst har krigshandlingar både i Ukraina og i Gaza fått oss til å sette pris på dei verdiane som ligg i arbeid, velferd og trygghet.


Stikk UT! Sommer 2024: 1. mai braker det løs!

Dordi Jorunn Halle Tysdag 30. april 2024

Med hele 572 turmål i vår region er årets Stikk UT!-sesong større enn noen gang. Stikk UT!-appen kommer i ny forbedret versjon, og for første gang kan du også gå til Stikk UT!-turmål andre steder i landet. 



Todalshytta byr på 1. mai-meny

Jon Olav Ørsal Måndag 29. april 2024

Onsdag tar vi del i 1.-maifeiringa og byr på egen 1.-maimeny som serveres mellom kl 15:00 og 19:00. – Blir det varme i lufta så åpner vi døra ut til vår nye terrasse. 


Line Hoem blir hovudtalar i Surnadal på 1. mai

Jon Olav Ørsal Måndag 29. april 2024

I Surnadal er det AP-politikaren  Line Hoem som er hovudtaler på 1. maiarrangementet i Surnadal kulturhus.  Det er Surnadal Arbeiderparti som er arrangør for markeringa i Surnadal kulturhus, som startar kl 15:00 på onsdag.  


Bergen Skyrun – løparsesongen i gang

Jon Olav Ørsal Sundag 28. april 2024

I dag er det sesongdebut for Skyrunsesongen og VM-uttaking i Bergen med to deltakarar frå Trollheimen fjellsportklubb.  Det er Erik Kårvatn og Isak Drøpping som deltek frå klubben i dag, og dei har begge sikra seg gode resultat.  Isak vann klassen sin (Y M 06-07) og Erik sikra seg 2.-plass i U23, der han er førsteårs løpar.