Avisutklipp frå 1975
I eit av albuma med samling av avisutklipp i stua på Sanden på Smøla, var det eit interessant minne for todalingar. Avisutklippet er frå 10. juli 1975 og handlar om fotball.
Vi fann 9043 artiklar i dette arkivet.
I eit av albuma med samling av avisutklipp i stua på Sanden på Smøla, var det eit interessant minne for todalingar. Avisutklippet er frå 10. juli 1975 og handlar om fotball.
Årets busstur for historielaga i Todalen og Stangvik gjekk til øyriket Smøla. Smøla kommune består av 6000 store og små øyar! Fastsmøla er største øya, og høgste punktet på øya er Nelvikberget som ragar 63,6 moh! Smøla har 1/3 av kystlina i Møre og Romsdal og er største øya i fylket!
To laurdagar i juni har Turstigruppa i Gamle Stangvik hatt tur og nyopning av stigen som gjekk opp forbi dei gamle gardane i Nessadalen, Haugen og Surndalsneset. Opprinneleg var det fire setrer her, for gardane Flessavik, Flessa, Trodal og Båtvik. I dag er berre murane att av Båtviksetra.
Todalen Elveeigarlag har fått med seg Start 4H og Todalen Idrettslag, og saman skal dei arrangere ein sosial og inspirerande ettermiddag i august, der rekruttering av nye fiskarer står på agendaen.
For ei veke sia vart 33 lakseelver stengt, og stor usikkerheit råder både blant laksefiskarane og hos elveeigarane. Den siste tida har vi sett mange eksempel på kor store konsekvensar dette får for mange lokalsamfunn. Det er til no teke ein laks i Toåa – egenleg snakkar vi om krise.
Isak Drøpping frå Trollheimen Fjellsportklubb imponerte stort da han kom inn på 2.-plass i dagens vertikal i Bar i Montenegro. Isak starta i klasse B (16-17 år), der det var 34 deltakarar frå heile verda.
I dag stiller 14 norske landslagskandidater på startstreken Ungdoms-VM i Skyrunning i Bar i Montenegro. Lokalt er det to frå Trollheimen Fjellsportklubb som deltek – Erik Kårvatn og Isak Dropping. I dag arrangeres vertikal – det vil seie førstemann til toppen, og det blir veldig spennande.
Vi gikk ut av Støren Interkomunale Realskule for snart 100 år sia, gliser Kari Kvendset som er vertinne for ein heil gjeng med klassekameratar som har kome på besøk. Dei var 31 elevar i avgangsklassen i 1961 – i dag var 14 av dem samla hos Kari i Todalen.
I en pressemelding melder Talgø at Øystein Halle er ansatt som administrerende direktør i Talgø MøreTre AS fra oktober 2024.
Halle kommer fra stillingen som fabrikksjef i Pipelife Norge, en stilling han har hatt siden 2014.
Måndag starta skyttarlaget med skyteprøve for storviltjegrar og bur seg til hausten og storviltjakta. Jegrar som jaktar storvilt med rifle, må ta ein årleg skyteprøve, og du må ta ein skyteprøve for kvart våpen/rifleløp du skal bruke. Du må som storviltjeger ha med det dokumentasjon for bestått jegerprøve når du går på jakt.
Velkomen til yogatime i kveldssol ved fjorden starter kl. 18.00.
Link til påmelding:
https://solpopupyoga.offeringtree.com/offerings/yoga-i-svinviks-arboret
Pris: kr. 250 kr, inngangsbillett til arboretet er inkludert.
På plattingen framfor Svorkabygget på Skei hadde Svorka rigga til «Open dag» i samband med Sommar i Surnadal. Dei inviterte til nystekte bakels til kaffen. I tillegg var det rigga til fleire apparat, der du kunne delta i konkurransar. På baksida av Svorkabygget var det høve til å bli med på prøvekjøring av ATV – sjølvsagt eit populært tilbod til gutar i høveleg alder.