Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8880 artiklar i dette arkivet.


Idag: Friluftsgudsteneste på Tjønnmyran

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2024

Todalen sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyran 2. påskedag.  Å avslutte påska med friluftsgudsteneste har lang tradisjon – først var det på Haugligardane i mange år, men  dei siste åra er det gapahuken på Tjønnmyran som har «husa» arrangementet.  2. påskedag startar gudstenesta på Tjønnmyran kl 12, og det er vikarprest Hans Arne Aakerø som er litturg. 


Lærte å pode frukttrær

Jon Olav Ørsal Måndag 25. mars 2024

Det er ikkje så vanskeleg å lage nye frukttrær, men det er faktisk ein del knep ein må bruke for å få bra resultat.  Søndag var det kurs i poding i Svinviks arboret, og da var det mange interesserte deltakar som meldte sin interesse for å lære faget.


Fikk bryna seg med ishockey i Kristiansund

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2024

Surnadal Blades er ein lokal ishockeyklubb med både Todalingar, Surnadalingar og fleire til – søndag var dei i Kristiansun for å prøve isen i Nordvest Arena på tampen av sesongen. Surnadal Blades hadde med seg forsterkningar frå Sagene Puck i Rindal, og kalla seg for høvet for Sagene Blades. 


2 pallplassar til Trollheimen Fjellsportklubb under NM

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2024

NM i Randonee har i helga pågått i Lillehammer, og i dag var det full spenning under NM i sprint der både Erik Kårvatn og Aron Rodale Haugen hamna på pallen – på henholdsvis 2. og 3. plass. 


Slik blir påska på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mars 2024

På Todalshytta opnar dei restauranten 3 dagar i påska. Vi har alt røpa at det blir balldag på tysdag, med servering frå 15:00 til 18:00, og som vanleg blir det både sildball og potetball på menyen denne dagen.  Langfredag blir du invitert på «after ski» på Todalshytta, og da bys det på burger & pizza med godt tilbehør, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta. 


Hengebrua er komen i drift igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 22. mars 2024

Sidan stormen i vinter har hengebrua mellom Liatun og Heggøyann vore steng for all bruk.  I dag har det pågått reparasjon av brufesta og brutårnet på eine sida, og no er brua atter farbar for fotgjengarar som kan bruke brua på eige ansvar.  Det er Gunnar Nordvik som med god hjelp av Per og Arne frå Gjeldnes Maskin som har jobba med reprasjon av brua, medan arbeidet har vore administrert av Todalen Bygdalag.


Tysdag: – Startar påska med balldag

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. mars 2024

Påska er like rundt hjørnet, og på Todalshytta startes påskefeiringa med baqlldag komande tysdag 26. mars.  Som vanleg er det servering frå kl 15:00 til Kl 18:00.  Kjøkkenet byr også denne dage på både potetball eller sildball med tilbehør.  Om du vil ha potetball eller sildball er nok «smak og behag» – og da er […]


Vellukke næringslivsdag i Surnadal

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. mars 2024

Det var Sparebank1 Nordmøre som stod som arrangør, da vel to hundre deltakarar var på plass i Storstua da banksjef Allan Troelsen ønska velkomen.  Årets næringslivsdag er nr 20 i rekkja, og Troelsen starta årets arrangement med å orientere om verksemda til banken.  Han poengterte at det er viktig for næringslivet å delta på slike arrangement, både for å treffe andre og for å bygge nettverk. Da blir Storstua den perfekte møteplassen, og bank kjem til å fortsett med dette så lenge det er interesse for å delta, sa Troelsen.



Litjrundt i fint ver!

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. mars 2024

Siste kløverturen før påske gjekk Litjrundt og var innom tre grender: Halagrenda, Øyagrenda og Brusetgrenda.


Tysdag kveld kjem konfirmantane på døra

Jon Olav Ørsal Måndag 18. mars 2024

Todalen sokneråd er ansvarleg for fasteaksjonen i Todalen. Anita Talgø som er KN-kontakt i Todalen fortel at konfirmantane vil få ansvaret for å samle inn pengar for fasteaksjonen i år.  Tysdag kveld 19. mars, frå kl 17 og utover, kjem dei på døra med innsamlingsbøssa.  I år er det viktigare enn nokon gong at vi er rause til å støtte fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp – vi må gje så det svir.


Kløvertur Litjrundt

Dordi Jorunn Halle Sundag 17. mars 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 18. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!