Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9007 artiklar i dette arkivet.


Fredag opnar eggbua i Pestua igjen

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. juli 2024

Det har vore generasjonsskifte i hønehuset i Pestua.  Det gamle innsettet med verpehøner var uttjent, og nye er komne til gards.  No nærmar det seg starten på verpinga, og dei aller første kjuklingegga er alt komne og snart er det full produksjon igjen.  Og full produskjon, det er ca 7.500 egg pr dag – ett egg pr verpehøne. 


83-åringen kom hit for å jubilere

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. juli 2024

Knut S. Johansen var 33 år første gongen ha var i Todalen for å fiske laks. Ein kompis frå Molde tok han med hit for i introdusere Knut for Toåa.  Sia har det vore «fast følgje», og no er det altså 50. gongen han er her.  I år har han ikkje med fiskestange, men er her berre for å jubilere og for å minnast, seier sarpingen.


Så vart det vêrforandring

Jon Olav Ørsal Måndag 22. juli 2024

Det kom slett ikkje soms på, men likevel vart det litt uvant med regnvêr igjen.  Slutten på veka som gjekk var kanskje sommarens finaste helg, med rikeleg med sol og med skikkeleg sommartemperatur til langt på natt.  Ein kjempefin kveld vart det, med Thaiaften på Todalshytta og det var mange som nytta høvet til å nyte sommarkvelden i fullt monn. I helga har faktisk gradestokken vore ganske så nær 30-talet.


Inviterte til ope atelier på Nytrøa

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2024

Midt i gardstunet på Nytrøa – midt i mellom fjøset og våningshuset har Elisabet Marie Aas bygd seg målarverkstad. Elisabeth er egentleg godt etablert som billedkunstnar, for ho har halde på med dette heilt sia slutten av 1990-talet.  Ho hadde faktisk si aller første utstilling her i Todalen, der ho stort sett presenterte motiv frå Todalen – utstillinga kalla ho «Todalen i mitt hjerte»


Alistair har forelska seg i Toåa

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2024

Han kjem frå Hampshire i England og driver butikk med sal av utstyr til fluefiske.  Han var i Todalen for første gong i fjor – på prøvefiske i Toåa.  No i år har han vore på Todalshytta ei veke, og har landa tilsaman  6 sjøaure og 4 laksar – den største laksen på 8,1 kg tok han torsdag, like før midnatt.  Alle 10 er gjenutsatt.  


Kosa seg inn i sommarnatta

Jon Olav Ørsal Laurdag 20. juli 2024

Det vart blink både med vêret, maten og stemninga da Todalshytta inviterte til Thaiaften fredag kveld.  I den fine sommarkvelden var det mange som var nysgjerrige på Thaimatbuffen som Todalshytta gourmetkjøkken diska opp med.


Vellukka redningsaksjon i Romådalen

Jon Olav Ørsal Fredag 19. juli 2024

Dagros, eller kva ho no heiter, kan takke moderne teknologi for at ho er i live.  Eit trettitals ungdyr og tørrkyr  går på fjellbeite i Romådalen.  Dei er utstyrt med Nofence, som er ein slags elektronisk bjølle, der ein kan definere eit virtuelt gjerde for krøttera. Det blir da definert eit område som dei må halde seg innafor – kjem dei utom så får dei eit lite støyt og eit lydsignal. 


Bra laksebett dei siste dagane

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. juli 2024

Frå starten av fisket 1. juni og fram til i dag er det teke 19 fiskar i Toåa, viser laksebørsen på Elveguiden.no.   Det var dårleg i starten, men etter kvart teke seg opp den siste tida.  Laksebørsen fortel at det er teke 12 laksar, 6 sjøaure og 1 brunaure.  Det er 1 storlaks på 8,6 kg, og snittvekta for laks er 3,5 kg, medan snittet for sjøaure er 2,7 kg.  Alle sammen er sette ut igjen, og får dermed ein ny sjangse i livet.


10-åring med Gjeldnes-genar svømde tvers overs Todalsfjorden

Innsendt av Synnøve Gjeldnes Myklebust. Onsdag 17. juli 2024

Ho heiter Ester Irene, delvis  oppattkalla etter oldemora Irene Gjeldnes ( f. 1920) frå Oppistua på Gjeldnes. Ester Irene er på ferie med søsken og foreldre på hytta i Todalsstranda. Faren hennar, Anders, er son av Synnøve Gjeldnes Myklebust og Steinar Myklebust.


Elisabeth inviterer til åpent atelier

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juli 2024

Elisabeth Aas bor det meste av sommarhalvåret i Aas-hytta i Sissigrenda på Kvendset. Tidligere hadde ho atelier og gallei i Trondheim, men det vart lagt ned for noen år siden.  Nå har ho atelier i tunet på Nytrøa hos Anders Mo.  Lørdag 20. og søndag 21. juli inviterer, Elisabeth til åpent atelier.  Både lørdag og søndag er det åpent mellom 14-17.  Bla videre, så kan du lese hva Elisabet skriver om sitt liv og virke som kunstner. 


Frå Nannestad til Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juli 2024

Vi kan vel eigentleg konkludere med at det er folk frå heile landet som brukar Toåa tursti – til saman mange tusen besøk på dei åra sia den vart laga. Denne gongen trefte vi familien Haarberg/Torvik/Holtberget ved Båthølen.


Får ny heim på Ungdomstubakkan

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juli 2024

Larris og Vangsgutane ser no slutten på eit omflakkande liv rundt i bygda.  No er Gunnar Nordvik og John Moe i gang med å bygge hus til tavla med Larris og Vangsgutane på om breidd med flaggstonga på Ungdomstubakkan. Halsesamlinga vart flytta til gammelgarderoben i Todalen Ungdomshus i fjor, og no flyttar altså Larris og Vangsgutane etter  og blir permanent montert i eit eige hus.  Dei har levd eit omflakkande liv sia dei var laga på tampen av 1990-talet.