Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9147 artiklar i dette arkivet.


Siste strikkekaffe før jul

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. november 2024

I dag arrangerte Todalen sanitetsforening siste strikkekaffe før jul, men juleferie blir det ikkje enda.  I innbydinga til årets siste strikkekaffe stod det at alle er velkomne – med og uten handarbeid.  Men strikkepinnane gjekk heile tida, sjølv om praten gjekk om laust og fast rundt bordet heile tida. Elles var det ikkje så mykje som stod på programmet i dag, anna enn kaffepause og internt lotteri med mange smågevinstar.  


T.I.L. -Kjøp adventslodd og bli ein vinnar

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. november 2024

Ja, det kunne ha vore slagordet for adventlotteriet som  Todalen I.L. trimgruppa har drege i gang på tredje året.  Trimgruppa har fått inn mange fine og kortreiste gevinstar, slik at det blir fleire gevinstar som blir trekt ut i perioden 1. til 24. desember. I dag sitt trimgruppa på butikken og selger lodd for adventlotteriet – da vi var innom var det Torill Talgø og Sissel Halset Storslett som var på plass. Dei kan rapparteree og godt salg, som har pågått eit par veler alllereie. Komande veke er det innspurt på loddsalet før trekninga startar.  


Strikkekaffe i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 21. november 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 23. november i tidsrommet 13:00 -16:00. Alle er velkomne!


Kaffelag og omvisning på Gammelfabrikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. november 2024

Talgø minner om invitasjonen til kaffelag på Gammelfabrikken søndag ettermiddag i tidsrommet 14 – 17.  Da er bygdefolket og andre interesserte invitert til kaffelag og omdvisning, og det er sjølvsagt den historiske avdelinga som er mest i fokus.  Torsdag kom ulven på plass, og da er Trollheimsutstillinga komplett med dyr og fuglar som held til i Trollheimen.  Det var faktisk på tide at den vart motert opp igjen, slik at den blir teken vare på – og at den etter kvart blir ttilgjengeleg for publikum igjen.


Talgø Bygg AS søker Produksjonsmedarbeider

Jon Olav Ørsal Torsdag 21. november 2024

Talgø Bygg AS ligger i Todalen i Surnadal kommune og er en del av Talgø-konsernet. Talgø Bygg har lang erfaring med prosjektering og produksjon av element til støyskjerm, fasade, landbruksbygg, redskapshus, hus, hytter og større prosjekt. Selskapet disponerer moderne produksjonslokaler på 12.000 m².


Asiatisk aften med premiere for nye retter

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2024

Fredag 22. november vil Todalshytta gjenta suksessen med Asiatisk aften.  Denne gangen vil vi få oppleve flere nye asiatiske retter på bordet – gyoza, gambas og mye mere godt.  Kjøkkenet er klare for servering fra kl 17 og utover til kl 21 om kvelden.


Det store tuntreet vart for risikabelt

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. november 2024

Onsdag måtte det store tuntreet i Austistua til pers.  Det vart for stort og risikabelt å ha like ved gardsbygninga, fortel Åsild Halle.  Gjeldnes Maskin stilte med gravemaskin, motorsag med langt sverd og to mann – da måtte det store bøktreet som stod i gardstunet gi seg over.


Kløverturar i november

Dordi Jorunn Halle Måndag 18. november 2024

I følge den gamle kalenderen, primstaven, er første vinterdagen 14. oktober, og symbolet for denne dagen er ein vott. Første vinterdagen denne hausten vart 18. november som kom med snø, sludd og vind. Det var retteleg vått og surt ver for kløverturjentene som var ute på tur, og dei måtte kle på seg både med vottar, lue og buff.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 17. november 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 18. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Tilbake på Skei etter 6 år i hagen

Jon Olav Ørsal Sundag 17. november 2024

Fredag var Karen Oddny Gravvold og Blomstermakeriet Orkideen på plass i ny butikk på Skei.  Vi har fått plass midt i smørauge på Skei, der den gamle meieributikken låg ved sida av Kløverstua. Karen Oddny dreiv mange år med blomsterbutikk i miljøgata, før ho flytta heim til Rognpilvegen i 2018, og har drive blomstersal i ei brakke i hagen fram til no.


Stormfloa – på topp i 11-tida på laurdag

Jon Olav Ørsal Laurdag 16. november 2024

Laurdag var det orange farevarsel for stormflo på Nordmøre.  Det var fleire samanfallande grunnar til storfloa, mellom anna var fullmåne/supermåne, og det var meldt sterk storm og kanskje opp mot orkan på kysten. 


Hageland opnar «julebutikken»

Jon Olav Ørsal Fredag 15. november 2024

Torsdag 14. november opna Hageland Surnadal julebutikken. Dette er ein landsomfattande kampanje for Hagelandkjeda landet rundt.  No bugnar det med julevarer – juletre, julelys, julepynt og ikkje minst juleblomster i butikken.