Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9147 artiklar i dette arkivet.


TILs Julekalender – søndag startar trekkjinga. Er du klar?

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. november 2024

Søndag er det 1. desember og premiere for T.I.L.’s julekalender.  Første trekning er klar frå morgonen av, og det er knytt stor spenning til lotteriet med over 90 gevinstar.  Som sagt er første trekning søndags morgon, og det blir trekt 3-4 gevinstar kvar dag fram til jualaftan 24. desember – og trekninga blir kunngjort på Todalen.no dag for dag.


Julegrana tent i Trudvangkrysset fredag kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 30. november 2024

Initiativtakarane Torill Talgø og Steinar Frøystad samla heile grenda til julegrantenning i Trudvangkrysset.  Over 30 personar trossa holkeføret og tok turen og samlast for julegrantenning. Det er ein godt innarbeidd tradisjon og julegrantenning nr 11 – julegrana står der Markavegen deler seg og fortsetter til Gammelfabrikken, medan Dalavegen fortsett oppover til Kårvatn.


Førjulsbasar på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Fredag 29. november 2024

Nordvik grendalag arrangerer tradisjonell førjulsbasar i Nordvik Forsamlingshus søndag 1. desember. Basaren startar kl. 18:00.


Har du sakna «Jul på Nordmøre»?

Jon Olav Ørsal Fredag 29. november 2024

Vi har faktisk opplevd at det er fleire som har etterlyst juleheftet «Jul på Nordmøre».  Ein kjapp telefon til redaktøren avklarte spørsmålet, for Lars Steinar Ansnes kunne informare om at årets utgåve har vore litt forsinka av ymse årsaker, men i dag er julehefta på tur ut til utssalgsstadene i ekspressfart.  I Todalen er det Matkroken Todalen som er forhandlar, og her skal årets hefte være i sal frå måndag. 


Jo Sverre – «Desemberlys» i Foajéen på Kulturhuset.

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. november 2024

Lørdag 30.11 kommer Jo Sverre til Surnadal Kulturhus for å gi oss en stemningsfull førjulskonsert ved juletreet i Foajéen. Han ga i fjor ut albumet «Desemberlys», som Adresseavisen i sin anmeldelse mente var en fremtidig juleklassiker. På konserten kan publikum forvente en god del låter herfra samt tidligere og mer kjent materiale i tillegg.


Fotpleie i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. november 2024

No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen snitet shus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie måndag 9. desember. 


Handlekveld vart årets happening

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. november 2024

Handlekvelden på Byggmakker og Hageland kan nok trygt få betegnelsen årets happening på Syltøran.  Det var tilstrøyming av kundar både frå fjern og nær, og det var til tider vanskeleg å finne parkeringsplass framfor butikkane.  Men dei store butikkane klarte å svelge unna, sjølv om det innimellom vart kø på enkelte plassar. 


StikkUT! vinter 2024/25

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. november 2024

Pressemelding frå Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal: Vi starter friluftslivets år 2025 med 409 Stikk UT!-vinterturmål 1.desember braker det løs med en ny vintersesong for Stikk UT! der du kan velge mellom 154 skiturer og 255 fotturer. Stikk UT! og opplev det fine lyset, tenn ett bål og se på stjernehimmelen. Vi ønsker oss gode vinterforhold, […]


Konsertar med P17: «Stjerne over livet»

Innsendt materiell frå Bernt Bøe/P17 Tysdag 26. november 2024

Vakre tonar til tidenes «breaking news» sprer stjernelys i mørketida. Konsertar i Todalen og Åsskard komande søndag vil bidra til høgtid. Todalen kyrkje kl.15, Åsskard kyrkje kl. 19.30
 Førjulstida er fylt av forventning, lys og musikk. Glade tonar frå Jingle Bells til Bach omgir oss. Og vi treng dette fargerike mangfaldet! 


No er utstillinga komen så langt at det går an å vise den fram, sa Terje Talgø

Stor interesse for å sjå att Trollheimsutstillinga

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2024

Folk i hopetal trossa hålkeføret og kom til Gammelfabrikken for å sjå den «nye»  Trollheimsutstillinga – og dei nye historiske utstillingane.  Godt over to hundre trossa hålkeføret og kom for å helse på Tingvollulven, og alle dei andre dyra og fuglane som er i utstillinga.  Talgø inviterte på kaffelag og omvising, og jammen fekk dei respons. 


Utvidar populær handlekveld komande tysdag

Jon Olav Ørsal Sundag 24. november 2024

Tysdag kveld (26. november) inviterer Hageland og Byggmakker til handlekveld med utvida opningstid til kl 20.  Nytt i år er at Hageland og Byggmakker har invitert gjestedeltakarar til å kome inn i butikken med sine torgplassar, der der dei sel kortreist og sjølvproduserte matvarer.  Dei blir i finne i «myllårommet» mellom Hageland og Byggmakker.


Matkroken. Arkivfoto.

Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 24. november 2024

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag  25. november. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.